Rosa rebeller

Gruppa Rosa rebeller blei stifta 1987, og var ei aksjonsgruppe med utspring i Arbeidsgrupper for homofil frigjøring (AHF). Rosa rebeller var ei ungdomsgruppe, og ville vere ein stad for unge som leitte etter ein homofil identitet, og gi dei eit fotfeste innanfor eit sosialt miljø. Gruppa hadde mellom 60 og 80 medlemmar på 1990-talet, og hadde ulike gruppeaktivitetar som kor, aksjonsgruppe, informasjonsgruppe, og kunst- og litteraturgruppe. Gruppa kritiserte dei store organisasjonane som AHF og Det Norske Forbundet av 1948 (DNF-48) for å ikkje ta godt nok vare på dei som var nye i miljøet, eller som nettopp hadde stått fram med si seksuelle orientering.  

Gruppa var politisk uavhengig, og med unntak av eit lite styre som tok seg av det administrative, hadde gruppa ein flat struktur. Dette gjorde at dei aktive medlemmane var viktige for gruppa sin profil utad. Ein viktig del av aktiviteten var planlegging og utføring av aksjonar, desse kunne vere spontane markeringar foran Stortinget for å protestere mot regjeringa sin politikk, eller markeringar under homodagar og parader. Gjennom lenkeaksjonar og hardslåande paroler fekk gruppa etterkvart eit rykte som ganske radikale. Eit døme på dette er at gruppa under homodagene i Oslo i 1993 gikk med eit banner med parolen «Fjern alle heterofile fra ledende stillinger.»

 

Referanser

Eikvam, Turid. "De rosa rebellene." Løvetann Nr. 1/1990. S. 24-25. Skeivt arkiv

Friis, Jon Ketil. "Rosa Rebeller på krigsstien. " Løvetann Nr. 3/1989. S.34-35. Skeivt arkiv