Tvitoling og båing: Kjønnsoverskriding i norsk språkhistorie
Denne artikkelen blei først publisert i den tredje utgåva av det skeive kulturtidsskriftet Melk som kom i 2017. Dette er ein lett omarbeida versjon.
Spora etter skeiv historie i Noreg er spreidde og vanskelege å finna før midten av 1900-talet. Prestar, juristar og forfattarar har ofte føretrekt å ikkje utbrodera dei konkrete overskridingane av kjønns- og seksualitetsnormene av frykt for at sjølve talen om det tabuiserte kunne verka skadeleg. Likevel: Spora ligg der, godt gøymd i rettsprotokollar og anna arkivmateriale. Rettssaker der menn har blitt dømd for sex mellom menn er ein viktig kjeldetype, og dei kan ofte gi oss eit fascinerande innblikk i levde liv, identitetar og fortidige tankemåtar.
Då eg for nokre år sidan såg nærmare på ei slik sak dukka det opp eit ord eg tidlegare berre så vidt kjende til. Saka gjaldt ein 65 år gammal bakar som blei dømt for seksuelle forhold til menn på 1890-talet i Porsgrunn. I saka blei det også referert til ein episode nokre år tidlegare:
En gang blev han i Skien beskyldt for at være Tvetulling, hvilket var skrevet op paa en Paplap, der var Ophængt [...] og som Følge heraf blev han af flere Mandfolk antastet (SAK: Porsgrunn byrett, forhørsrettsprot. 1, folio 60b.)
Denne passasjen er interessant av fleire grunnar: omgrepet «tvetulling» verkar å vera eit kjend omgrep både for dommaren og befolkninga i Skien på slutten av 1800-talet. Når nokon hang opp ein lapp om at vedkommande var «tvetulling» resulterte det openbert i at han blei oppsøkt av ei rekke menn. Av dette kan me kan henda gå ut frå at folk i Porsgrunn oppfatta det slik at ein «tvetulling» var ein person som var tilgjengeleg for tilnærmingar frå menn.
Men kva for eit ord er dette? Må passasjen tolkast slik at det er synonymt med «homoseksuell mann»? Omgrepet «homoseksualitet» var på dette tidspunktet nett introdusert i det norske språket, men det var neppe særleg kjend utanfor små kretsar, og så vidt me veit hadde det berre stått på trykk i lærebøker i psykiatri og legetidsskrift (Jordåen 2010: 89). Skal me tru denne kjelda, var tvetulling derimot eit så kjend omgrep at det kunne hengast opp lappar om det på gata i ein norsk småby og bli tolka på ein bestemt måte.
Rettssaka frå Porsgrunn gir ikkje noko særleg meir å bygga på når det gjeld tydinga og bruken av ordet. Men ho inspirerte meg til å undersøka vidare korleis dette omgrepet har vore brukt.
Tvitulling i litteratur og folkespråk
Går me til skriftspråket finn me at ordet slett ikkje berre har vore eit lokalt skjellsord. Ordbog over det danske sprog er eit omfattande historisk ordboksverk over dansk- og felles dansk-norsk -skriftspråk. Her finn me oppslagsordet tvetulle og avleiingar av det (tvetulling, tvetullet). Av dette framgår det at ordet har vore brukt på svensk (tvatola), norsk (tvitola, tvitoling), islandsk (tvítóli, tvítólingur) nedertysk (tweetuler) og nordfrisisk (twitule).
Opphavet til ordet er tvi (to, dobbel) og norrønt tól, (reiskap, jf engelsk tool). Tydinga er i følgje ordboka «tvekønnet individ; hermafrodit; undertiden nedsæt., om kvindagtig mand». I tillegg har ordet vore brukt biletleg - om noko som verken er det eine eller det andre.
Døme på den konkrete tydinga finn ein i Holbergs Moralske Tanker: «Man har hidindtil troet at Skiælfisk vare Tvetuller.». I tidsskriftet Kiøbenhavnske nye Tidender om lærde og curieuse Sage sto i 1762 setninga «Albertus Magnus vil have seet Tvetuller, der kunde udøve og fuldbyrde begge Kiønsforretninger.»
Ei setning frå Georg Brandes si bok «Michelangelo Buonarroti» (1921) viser ein bruk av ordet som også impliserer likekjønna begjær eller homoseksualitet:
Det tvetullede Træk i ikke faa af Leonardo's Malerier genkalder en vis OldtidsPeriodes Forkærlighed for Blandingen af mandlige og kvindelige Særegenskaber hos Bakkus.» (Dette og sitata ovanfor er henta frå Ordbog over det danske sprog, på oppslagsordet "Tvetulle")
Den overførde tydinga finn me mange stader både i dansk og norsk litteratur, til dømes hos Arne Garborg:
Ja ja. Eg var ein Mann fraa eit Millombrøyte. So vert ein eit Millombrøyte sjølv. Uheil; brotin; usamanhengjande. Og nationalt ein Tvitoling; baade norskdansk og norsk. So vert ein ingenting heilt. Millombrøyte (Garborg 1925, 88).
Omgrepet har altså hatt utbreiing i Norden og Nord-Tyskland. Og som døma viser har det vore brukt ein del i litterært språk. Fulltekstsøk på Nasjonalbiblioteket viser også at det førekjem i norsk skjønnlitteratur, mellom anna i tekstar av Knut Hamsun, Kristoffer Uppdal og Jens Bjørneboe (Hamsun 1930: 170, 191; Uppdal 1919: 15; Bjørneboe 1974: 47).
Norsk Ordbok er eit omfattande verk over nynorsk og norsk talemål. I følgje dette er «tvitulling» eller «tvitoling» ofte nytta om «tvikjønna» eller «kjønnslause» dyr, særleg geiter og høns som ikkje verpar. I tillegg finst det førekomstar der det er brukt om menneske. I grunnlagsmaterialet for ordboka finn ein det også brukt om menneske som eit skjellsord. I eit tilfelle er det forklart som «halvt mann og halvt kvinne» (opplysningar frå Lars Vikør, Norsk Ordbok, e-postkorrespondanse med underteikna).
Ein finn også omgrepet i mange lokale dialektordbøker. Dette gjeld til dømes Kvam i Hardanger der det blir forklart som «fysisk unormalt utvikla person» (Kvam kulturminnelag 1993: 37). På Voss blei også forma «tvitutling» nytta og i ei ordliste over vossamålet blir det forklart som «tvekjønna individ, hermafroditt» (Røthe 1994: 153-154).
Også i nyare tid har omgrepet vore nytta, ei kvinne som var fødd i 1927 og vaks opp på landsbygda i Hordaland kunne til dømes fortelja at ho frå ungdommen hugsa fleire menn som oppførde seg «damete», særleg når dei hadde drukke. Desse blei kalla for tvitullingar (Kristiansen 2008: 52).
Hørve, kværkje og båing
Jakta på utbreiinga og bruken av omgrepet tvitulling sette meg også på sporet av andre ord og uttrykk. Nynorsk etymologisk ordbok inneheld fleire ord med omtrent same tyding: Det gjeld hørve, som blir forklart som «tvekjønnethet». Dessutan gjeld det «kværkje», eit ord som er i slekt med korkje (altså verken), og har tydinga «stakkars vantrevent væsen, tvetulle». Til slutt gjeld det «baading» eller «båing» (Torp 1919: 239 og 355).
Eit nærmare blikk på det siste viser at det hadde relativt stor utbreiing i Midt-Noreg. Me finn ordet i Norsk Ordbok forklart som «person som er båe kjønn; tvitoling, hermafroditt» (Hellevik 1966: 1219). I setelarkivet til ordboka ligg det dokumentasjon på ordet frå heile Trøndelag med ulik uttale (boing, båing, båeng m.a.). Ein finn det og i Os i Østerdalen (opplyst i e-post frå Olaf Almmenningen til underteikna 17.06.2015).
Omgrepet har også sett musikalske spor i form av slåtten «Båingen» frå Verdalen. Denne byrjar som ein vals før han går over til 2/ 4-takt og så går attende til ¾-takt (Dillan 1970: nr. 43). Sannsynlegvis refererer namnet då til nettopp dette, at slåtten skiftar takt undervegs og dermed er «både og».
Frå Soknedal i Midte Gauldal i Trøndelag finst det ei interessant segn om ei kvinne ved namn Gjertru. Ho kom over fjellet til bygda og slo seg ned ved ein foss der ho rydda seg ein gard. Ho heldt seg for seg sjølv, og i tillegg til gardsdrift dreiv ho ei smie. Sjølv når ho var borte frå garden, som blei heitande Foss, høyrde folk at det klang mot ambolten; det ryktast at ho fekk hjelp av dei underjordiske både til dette og til å setja opp husa på garden. Om Gjertru heitte det vidare: «Gjertru var meir enn vanleg stor og breivaksen. Folkedrøset ville ha det til at ho var boing» (Haukdal 1974).
Om Gjertru var ein verkeleg person, må hen ha korne til garden på slutten av 1500-talet. Det mest interessante er likevel at segna om henne var levande heilt til langt ut på 1900-talet. Koplinga av det at Gjertru var «båing» og kontakten med overnaturlege krefter seier kanskje noko om ein måte å oppfatta kjønnsoverskriding på i eldre tid.
Førekomsten av ord som tvitulling og båing viser at det har eksistert nemningar for ulike former for kjønnsoverskridingar, fenomen som i dag kunne vore kategorisert som interkjønn, trans eller - i nokre tilfelle - homo- eller bifili.
Dilldallmenn, homsar og "lesbisk kjærlighet"
Det finst også eit mylder av andre ord som har vore nytta om kjønns- og seksualitetsoverskridingar. Medan omgrep som homoseksualitet, biseksualitet, fetisjisme, transvestisme og transseksualitet blei brakt inn i det norske språket gjennom medisinske tidsskrift og lærebøker på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, hadde ein tidlegare hatt omgrep som sodomi og pederasti som blei brukt av juristar og teologar. Dei hadde også ei viss folkeleg utbreiing. Det fanst og folkelege uttrykk for seksualitet mellom kvinner, til dømes blei omgrepet "daske fladkundt" brukt i ei rettssak frå Nordland på 1840-talet (Skjoldhammer 2018, 16 og 30).
Ordet homoseksualitet fekk i løpet av 1900-talet større utbreiing, kortformer som homo og homse blei etter kvart også tatt i bruk (Jordåen 2003: 110-111). Ei slangordbok frå 1950-talet oppgir følgjande ord for homoseksuell mann: sodagutt, bakstreber, soper, mannemann, dill-dallmann og pipefeier (Gleditsch 1952: 37-38).
Omgrepet «lesbisk» og «lesbisk kjærlighet» blei også brukt i medisinsk faglitteratur frå slutten av 1800-talet, men var mindre brukt enn homoseksualitet (sjølv om ein finn nokre treff på det i avisene frå 1920-talet og framover). Homoseksualitet blei lenge først og fremst assosiert med menn. Den nemnde informanten frå Hordaland, ei kvinne fødd i 1927, opplyste at medan menn som blei oppfatta som «damete» blei kalla tvitullingar, var det annleis med kvinnene:
Damene som vi senere ante var homofile, oppførte seg annerledes. De ble kalt jomfruer. Homo- og homoseksuell er et ord som vi hørte først i voksen alder. Jeg hadde en tante som arbeidet på en trikotasjefabrikk. Hun bodde med en annen dame til de var 80 år. De var så sjalu på hverandre. De tålte ikke at den ene reiste på ferie i fra den andre (Kristiansen 2008: 52).
Kulturvitaren Tone Hellesund har i si forsking vist at borgarskapskvinner som levde einsleg eller saman med andre kvinner i liten grad blei tolka i lys av det nye omgrepet homoseksualitet før langt ut på 1900-talet (Hellesund 2003). Dei kunne rettnok bli oppfatta som lite kvinnelege, men desse «peppermøene» blei stort sett oppfatta som respektable kvinner og ikkje kopla til det nye seksualitetsvokabularet.
I 1951 gav den norske seksjonen av Forbundet av 1948 ut sin første brosjyre. Her blei oppgåva til organisasjonen definert som å «forsvare de menneskelige rettigheter for den minoritet i samfunnet som utgjøres av mennesker med homo- og biseksuell innstilling til kjærlighetslivet». I tillegg blei omgrepet «homofile», som allereie var i bruk i Danmark og internasjonalt i homorørsla, lansert på norsk (Forbundet 1951). Sjølv om omgrepet «lesbisk» ikkje var heilt ukjend på denne tida, ser det ut for at det var først i samband med den lesbiske feminismen på 1970-talet at omgrepet blei hyppigare brukt (Taule 2017).
Les også Stians Hårstads artikkel om omgrepet "hommann" (hovmann) - gutevoren gjentunge.
Minoritetar og vidare forsking
Omgrepa som har vore brukt fortel oss ein heil del om skiftande syn på kjønn og seksualitet gjennom tidene, og nærmare studiar av den skeive språkhistoria kan gi oss ei utdjupa forståing av dette. Orda fortel om makt, fordommar og endra syn på den menneskelege seksualiteten. Ikkje minst fortel dei oss at det har eksistert eit medvit om at visse personar kunne høyra heime i andre kategoriar enn dei normative kjønns og seksualitetsformene.
Det er få kjelder som kan fortelja noko skeiv historie i Noreg før midten av 1900-talet, og dette gjeld i endå større grad nasjonale minoritetar og urfolk I den samanhengen er det interessant at det i følgje ei ordbok frå 1945 på rotipa (norsk romani) finst eit ord for «sodomitt» - truleg i tydinga mann som har sex med menn: bykalar (Ribsskog 1945: 51). I ei nyare ordbok finn me også ordet «gavo mors» som er omsett med «homoseksuell» (Karlsen 1993: 30). Når det gjeld samisk kjenner eg ikkje til nokon tilsvarande ord anna enn bonju (skeiv) som er tatt i bruk i denne tydinga først i seinare år.
Eit nærmare blikk på korleis ord har oppstått og endra innhald kunne vore eit interessant tilskott til kjønns- og seksualitetshistoria. Føremålet med denne artikkelen har vore å presentera nokre av orda og uttrykka eg har kome over i mi forsking som historikar. For ei djupare forståing trengst meir systematiske undersøkingar.
Litteratur
Bjørneboe, Jens. 1974. Haiene. Historien om et mannskap og et forlis. Oslo: Gyldendal.
Dillan, Helge. 1970. Folkemusikk i Trøndelag 1. Verdal i Nord-Trøndelag. Oslo: Noregs boklag.
Forbundet av 1948. 1951. Hva vi vil. Oslo: Forbundet av 1948.
Garborg, Arne. 1925. Dagbok 1905–1925. Band 2: 25. juni 1907–27. december 1909. Kristiania: Aschehoug.
Gleditsch, Ulf. 1952. Det får'n si. Norsk slangordbok. Oslo: Nasjonalforlaget.
Hamsun, Knut. 1930. August. Oslo: Gyldendal.
Haukdal, Jens. 1974. Busetnad og folkeliv i Soknedal. Gard og grend III. Støren: Midtre Gauldal kommune.
Hellevik, Alf. 1966. Norsk ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Band I: A–doktrinær. Oslo: Samlaget.
Hellesund, Tone. 2003. Kapitler frå singellivets historie. Oslo: Universitetsforlaget.
Jordåen, Runar. 2003. "Frå synd til sjukdom? Konstruksjonen av mannleg homoseksualitet i Norge 1886-1950." Hovudoppgåve, Universitetet i Bergen.
Jordåen, Runar. 2010. "Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960." PhD-avhandling, Universitetet i Bergen.
Karlsen, Ludvig. 1993. Romanifolkets ordbok. Tavringens Rakripa. De reisendes språk. Kløfta.
Kristiansen, Hans W. 2008. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1930–1970. Oslo: Unipub.
Kvam kulturminnelag. 1993. Gamle ord og vendingar frå Kvam. Øystese: Kvam kulturminnelag.
Ordbog over det danske sprog, "Tvetulle", henta 21.02.2017, www.ordnet.dk/ods/ordbog?query=tvetulle.
Røthe, Eirik. 1994. Vossamålet i ord og vendingar. Voss: E. Røthe.
Ribsskog, Øyvin. 1945. Hemmelige språk og tegn. Taterspråk, tivolifolkenes språk, forbryterspråk, gateguttspråk, bankespråk, teng, vinkel- og punktskrift. Oslo: Johan Grundt Tanum.
Skjoldhammer. Tonje Louise. 2018. "Forargeligt og Uteerligt Forhold.Rettsforfølgelse av sex mellom kvinner på midten av 1800-tallet i Norge." Masteroppgave, Universitetet i Bergen.
Taule, Siv. 2017. "'Støtt de lesbiske i Kina og Albania!' Lesbiskfeministiske tidsskrift fra 1970- og 1980-tallet." Masteroppgave, Universitetet i Bergen.
Torp, Alf. 1919. Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania: Aschehoug.
Uppdal, Kristoffer. 1919. Stigeren. Tørber Landsems far. Kristian: Aschehoug.
ARKIVMATERIALE:
Statsarkivet i Kongsberg (SAK): Porsgrunn byrett, forhørsprotokoll nr. 1. (1890-1894).
Takk til Torbjørn Steen-Karlsen, som tipsa Skeivt arkiv om segna om Gjertru frå Soknedalen.