Postdoktorstilling om den norske skeive bevegelsen

Fra fotoarkivet til Homofil Bevegelse i Bergen. Foto: Rolf Monsen. SKA/A-0009 LLH Bergen og Hordaland, Skeivt arkiv.
Fra fotoarkivet til Homofil Bevegelse i Bergen. Foto: Rolf Monsen. SKA/A-0009 LLH Bergen og Hordaland, Skeivt arkiv.
Dei skeive, norske rørslene frå 1950-talet og utover har vore del av heilt fundamentale samfunnsendringar. Materiale frå rørslene som i dag finst i og utanfor Skeivt arkiv, inneheld viktig kunnskap om kvifor og korleis endringane skjedde. Vi ønskjer postdoktor til bokprosjekt om desse rørslene.

Forskingsbasert bok

Skeivt arkiv og Kultur- og likestillingsdepartementet finansierer den treårige postdoktorstillinga som vil finne plass ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), ved UiB. Prosjektet skal resultere i ei forskingsbasert bok som også skal kunne lesast av ei brei lesargruppe.

Skeiv organisering

Sjølv om vi kjenner til vennskapsnettverk blant skeive heilt frå slutten av 1800-talet, skjedde truleg dei første forsøka på skeiv organisering i Noreg på slutten av 1940-talet. Det norske forbundet av 1948 (DNF-48), danna som ei underavdeling av den danske organisasjon i 1950, såg det som si hovedoppgåve å «forsvare de menneskelige rettigheter for den minoritet i samfunnet som utgjøres av mennesker med homo- og biseksuell innstilling til kjærlighetslivet». Homorørsla vaks seg sterkare utover 1950- og 1960-tallet, men 1970- og 80-tallet vart dei store gjennombrots-tiåra. På 1970-tallet skjedde også ei rekkje splittingar i homorørsla, og vi finn mykje aktivitet og sentrale aktivistar både innan DNF-48, Arbeidsgrupper for homofil frigjøring (AHF), i Lesbisk bevegelse og andre organisasjonar rundt om i landet. Ein finn og organisering rundt trans- og bi-identitet og innvandrar-skeive i denne perioden.

Viktige samfunnsendringar

Alle desse organisasjonane og miljøa har vært ein del av heilt fundamentale samfunnsendringar. I materialet frå desse grupperingane og organisasjonane finst viktig kunnskap om kvifor og korleis desse endringane fann stad. Kva forhandlingar om sjølvforståingar og posisjonar gjekk føre seg? Kven var støttespelarar og samarbeidspartnerar, kven var motstandarar?  Kva var dei interne konfliktane? Kva for politisk og personleg tyding har den skeive rørsla hatt? Dette er nokre av spørsmåla som ei slik kan vere med på å gje svar.

Bokkomité

Postdoktoren vil ha sitt arbeidsforhold ved AHKR, men vil få støtte av ein bokkomité, som følgjer framdrifta i prosjektet. Komitéen består av fagleg leiar for Skeivt arkiv, Line Grønstad, i tillegg til tre seniorforskarar på feltet: Hans Wiggo Kristiansen, Runar Jordåen og Tone Hellesund. Tone Hellesund er prosjektleiar for prosjektet.

For meir informasjon og detaljar for søkarar, gå til stillingsannonsa.