Gusta Rygh

Gusta Rygh i voksen alder. Fotograf: ukjent. Faksimile fra Verdal Historielags årbok 1950
Gusta Rygh i voksen alder. Fotograf: ukjent. Faksimile fra Verdal Historielags årbok 1950.
Gusta Rygh (1850–1928) var skribent, omsetjar og litteraturkritikar, og levde i eit tjuefem år langt sambuarskap med ei anna kvinne.

"… alt hvad Kvindene kunne naar blot deres Evner blive udviklede og de ville arbeide og anstrenge seg."

(20-årige Gusta i brev til broren Evald 22. januar 1870, etter Christiansen, 2020, s. 202.)

Oppvekst, familie og bakgrunn

Gusta Susanne Rygh (14. juli 1850 – 8. april 1928) vaks opp på garden Haug i Verdalen i ein søskenflokk som fleire kjelder omtaler som uvanleg rik på intellektuelle interesser og talent. Faren Peder Strand Rygh (1800–1868) var gardbrukarson frå Overhalla, men var heldig nok til å få solid utdanning (juridisk eksamen med toppkarakter) og vart lensmann i Verdal i 1832, same året som han gifta seg med (Ingeborg) Marie Bentsen (1809–1878). Etter nokre år kjøpte han garden Haug, kalla Slottet, som dei to dreiv saman. Han var seinare stortingsmann for Nordre Trondhjems amt i fleire periodar. Mora Marie blir omtala som «et ualmindelig velutrustet menneske», og sonen Evald har skildra ho som «en ren arbeidstræl» som sjeldan unnte seg kvile, og som åleine stod for det aller meste av oppsedinga av ungane (Musum 1930, s. 261f).

Gusta var yngst av seks søsken, og av desse er det tvillaust dei tre brørne som er best kjent i ettertida. Eldstemann Oluf (1833–1899) vart professor i historie (og seinare i arkeologi) ved universitetet i Kristiania og står som ein føregangsmann i vitskapleg utforsking av kulturminne i Noreg, både materielle og immaterielle – som stadnamn. Karl Ditlev (1839–1915) fordjupa seg òg i både arkeologi og namnehistorie, men han fekk gymnaset som sin viktigaste arbeidsplass. Han var adjunkt (og seinare overlærar) ved katedralskulen i Trondheim i meir enn tretti år, og samstundes fungerte han som styrar for oldsaksamlinga ved vitskapsselskapet i Trondheim, opphavet til det som i dag er NTNU Vitenskapsmuseet. I velvaksen alder vart han dessutan politisk aktiv og sat på Stortinget frå 1886 til 1892. Den yngste broren Evald (1842–1913) tok juridisk utdanning og arbeidde først i Finansdepartementet. Han vart seinare varaordførar, borgarmeister og ordførar i Christiania og fekk til og med posten som finansminister i Emil Stands første regjering (1889–91). Dei to søstrene til Gusta heitte Rikka (Didrikke) (1839–1896) og Petra (1845–1918), og båe gifta seg og vart gardkoner i høvesvis Verdal og Åsen.

Sjølv om livet på Haug innebar mykje hardt arbeid, er det rett å seie at dei seks søskena hadde ein privilegert oppvekst, og dei fekk gode høve til åndeleg utvikling. Ikkje minst gjennom at dei i fleire periodar hadde privat huslærar og ein etter forholda god tilgang på litteratur av fleire slag. Morfaren, tidlegare lensmann Karl Fredrik Bentsen, etterlét seg over 300 bøker, og mange av desse må ha vorte med dottera Marie til Haug (Kristoffersen & Bendiksen, 1998, s. 46). I memoarane sine, som kom på trykk i 1951, fortel Gusta mykje om kva plass lesinga hadde i oppveksten hennar. Faren abonnerte på Morgenbladet og i periodar både Nationalbladet og Nordre Trondhjems Amtstidende. Dessutan nemner ho Børnenes Blad, Lørdags Aftenblad, Almuevennen, Hermoder og fleire «Smaablade mere til Almenlæsning». Gusta slukte det meste ho fann: «Læsehungeren var umættelig.» (Rygh, 1951, s. 18) Men slik skikken var på denne tida, vart høgare skule og universitetsutdanning berre aktuelt for gutane, sjølv om evnene sjølvsagt ikkje var kjønnsavgrensa. Om eldstesøster Rikkas store intellekt og kunnskapstrong skriv Mørkved (1935, s. 170) i si slektshistorie: «Hadde hun levet et slektsledd senere, hadde hun antagelig kommet til å gå den studerende vei og hadde med sine rike evner og sin energi kommet til å drive det langt på den bane. Men i hennes ungdomstid var all tanke på en sådan vei for en kvinne utelukket.» Likeleis nemner han at også Petra «var meget begavet med sterke åndelige interesser» (sst., s. 183).

Om Gusta skal faren Peder ha sagt: «Mine sønner er flinke unge mænd, men min datter Gusta er nok den der er mest begavet av mine barn. Hun er klokere end os alle.» (Sitert i Dagsposten 18.4.1928.) I likskap med dei andre søskena viste Gusta tidleg sterke boklege interesser, og gjennom skriving og teikning fekk ho vist fram sitt store kreative talent. Ho lærte seg både engelsk og tysk før ho var konfirmert, og som 15-åring skreiv ho fleire brev til broren Evald på eit godt utvikla engelsk (Christiansen, 2020, s. 173). Som yngst i familien kunne Gusta nyte godt av at dei utflytta storebrørne stadig sende heim bokpakkar med tidsskrifter, romanar og anna stoff til dei lesehungrige heime i Verdalen. Både frå Christiania, der Oluf budde, og frå Trondhjem, der Karl var, kom det påfyll av lesnad fleire gonger i året: «Væsentlig ved Olufs Hjælp blev vi efterhaanden Bygdens mest læsende og bogeiende Hus», skriv Gusta i memoarane sine (Rygh, 1951, s. 19). Den store lesehugen til søstrene var nok ein viktig grunn til at Karl tok initiativ til å skipe til ei offentleg boksamling, «et Almuebibliothek», i Verdalen (Kristoffersen & Bendiksen, 1998, s. 63). Sommaren 1869 vart folkebiblioteket opna, og Gusta og Petra fekk oppgåva som styrarar. For ei som ikkje hadde sansen for huslege sysler som veving og spinning, var dette eit kjærkomme avbrekk. Slik skriv Gusta om det i eit brev til Evald den 13. oktober 1869: «Petra og jeg besørger i fællesskab Udlaandet og finder deri en behagelig Avveksling i hverdagslivets Ensformighet.» (Etter Müller, 1965, s. 14). Gusta tok lojalt del i gjeremåla i heimen, men det er fleire kjelder som viser at ho helst ville følgd etter brørne på den akademiske vegen (Christiansen, 2020, s. 201f).

kvinnens_underkuelse.png

John Stuart Mills The Subjection of Woman var ei radikal bok da ho kom ut i 1869. Den danske omsettinga, som kom seinare same året, fekk Gusta tilsendt frå broren Evald, og ho tykte det var «en overmaade fornuftig bog».
John Stuart Mills The Subjection of Woman var ei radikal bok da ho kom ut i 1869. Den danske omsettinga, som kom seinare same året, fekk Gusta tilsendt frå broren Evald, og ho tykte det var «en overmaade fornuftig bog».

Ut av bygda, utdanningsår i Christiania

Gusta var tidleg opptatt av den plassen kvinna hadde i familien og i samfunnet meir generelt, og sjølv om ho ikkje kan seiast å ha vore nokon kvinnesaksaktivist, er det fleire spor av at ho var vaken for signal og tendensar i tida på dette området. Hausten etter at folkebiblioteket var opna, fann ho teikn til rørsle i positiv retning: «Jeg seer af Dagens Aviser der tænkes paa at oprette et nyt Universitet i Stockholm hvortil Kvinder skulle have Adgang ligesaavel som Mænd.» (sst., s. 202.) På omtrent same tid gav Evald henne boka Kvindernes Underkuelse av John Stuart Mill, som Georg Brandes nyleg hadde omsett til dansk. «En overmaade fornuftig Bog», etter Gustas meining, og i eit brev til Evald den 22. januar 1870 skriv ho:

Jeg har følt mig styrket og rigtig faaet Mod i Brystet ved at læse den og der se saa grundig og sikkert udviklet alt hvad Kvindene kunne naar blot deres Evner blive udviklede og de ville arbeide og anstrenge seg. At de skulle kunne blive Embedsmænd og Stortingsmænd forekommer mig ikke at være det vigtigste, men det at der ogsaa tillægges deres Arbeide og Evner Vær og forlanges af en Kvinde ligesaa vel af en Mand at hun skal kunne noget andet tilgavns end blot sit Haandarbeide, have selvstændige paa egen Kundskab byggede Meninger og fornuftige Tanker som hun ikke har laant og have Interesse for lidt mer enn det allernærmeste, Mad, Klæder og Bygdesladder hvortil som bekjendt de fleste Damers Interesse nu for Tiden indskrænke sig.

Det same året skulle ho endeleg få oppfylt ønsket om høgare utdanning, sjølv om ho var avskoren frå å gå den «normale» vegen via examen artium og universitetstudiar, slik brørne hadde gjort. Ho hadde søkt og komme inn på Nissens Guvernanteskole i Christiania, og i oktober 1870 – etter ei veke på reise – flytta ho inn i husværet til broren Evald og kona Sofie i Rosenkrantz' gate 2. Same hausten tok ho til med kurs på Bergsliens malerskole, der ho fekk stor åtgaum for dei kunstnariske evnene sine. Broren Oluf skal ha møtt skulestyrar Knud Bergslien i byen, og målaren «lod til at mene, at hun havde et ganske ualmindelig Talent», skriv Evald i eit brev til Karl den 12.11.1870 (etter Christiansen, 2020, s. 198). Etter eit år flytta Gusta saman med broren og familien hans til Homansbyen, og her budde ho til ho vende heim til Verdalen sommaren 1872, med karakteren «Meget godt» på vitnemålet (Rygh, 1951, s. 50). Ho vart ikkje heime så lenge, for i januar 1873 reiste ho til Lavik i Sogn der ho hadde fått guvernantepost hjå sokneprest Müller. I juni 1874 flytta ho atter heim til Verdal, og da vart ho verande – i periodar som lærarinne – fram til mora Marie gjekk bort i april 1878.

Skribent i Trondhjem og Christiania

Hausten 1878 besøkte Gusta Bergen att, og så flytta ho inn hjå broren Karl i Trondhjem. Her fungerte ho som ei slags hushalderske, men den ugifte Karl hadde eit nokså ukomplisert hushald basert på «simpel Landsens Kost», så det meste av tida kunne brukast til andre syslar (Christiansen, 2020, s. 246f). Så vidt vi veit, er det på denne tida Gusta for første gong får betalt for skrivinga si. Ho leverte bokmeldingar til Trondhjems Adresseavis (det vi i dag kjenner som Adresseavisen), og redaktør Emil Lie honorerte med 5 kroner per spalte. Omtrent på same tida fekk ho òg tekstar på trykk i Morgenbladet, men mest truleg utan betaling dei første åra. Vidare hadde ho ei lang rekke frittståande artiklar i allmenne tidsskrift som Folkevennen, Historisk Archiv og Nær og Fjern. Broren Evald hadde i åra 1868–72 vore ansvarleg for utanriksredaksjonen i Morgenbladet, og ettersom han framleis hadde tette band til leiinga, sørga han for sikrare betaling for det søstera leverte, og utover i 1880-åra vart denne kanalen Gustas hovudarena. I 1881 var ho på ei langvarig Europa-reise som omfatta mellom anna Wien. Kanskje var det her ho møtte Trine (eller Thrine) Meyer for første gong, for vi veit at den to år eldre «Jacquard-Væverske» hadde eit opphald ved Fachschule für die Kunststickerei i Wien i siste halvdel av 1881 (Christiansen, 2020, s. 334).

Ettersom det meste av det Gusta fekk på trykk i Adresseavisen, var usignerte stykke, er det ikkje så lett å setje eit nøyaktig tal på produksjonen hennar. At ho vart halden for å vere ein tungtvegande bidragsytar, kan vi likevel tolke av ein omfattande artikkel i høve 150-årsjubileumet til Trondhjems Adresseavis i 1917 (3. juli) der Gusta blir nemnd mellom dei sentrale bladfolka i avisas historie, som den einaste kvinna ved sida av Nicoline Roll (1802–1891). Seinare førte ho sirleg oversikt over det ho leverte til ulike redaksjonar, og Christiansen (2020, s. 333) har rekna ut at ho i siste del av 1880-åra skreiv om lag 70 meldingar i året, og noko mindre i 1890-åra.

Frå hausten 1883 fekk Gusta fast avtale om redigering av «Udklipnings-Føljetongen», altså framhaldsforteljinga, som var eit fast innslag i Morgenbladet. Ho stod for utvalet av romanar, ofte tysk eller engelsk litteratur, som ho omsette og tilpassa til føljetongspalta. I tillegg skreiv om bokmeldingar på lausare basis. Det er uklart akkurat når Gusta flytta fast til Christiania, truleg budde ho hjå broren Oluf i Wergelandsveien i periodar allereie frå 1880 (i eit postskriptum til memoarane som vart trykte i 1951, står det at Gusta flytta til Christiania i 1880), men frå 1885 er ho iallfall registrert som bebuar i den nybygde murvillaen i Eilert Sundts gate 33 saman med Oluf og Evald med familie. Ho delte førsteetasjen med professor-broren, medan borgarmeister-broren huserte i andreetasjen. Her skulle ho bli buande heilt til Oluf døydde i 1899. I heile denne tida hadde ho hand om føljetongane, og ho vart etter kvart fast litteraturmeldar i Morgenbladet. Namnet hennar finst i kolofonen i nokre årgangar av avisa, mellom anna med «Literære bidrag» som ansvarsområde, men det aller meste av det ho skreiv, var anonymt eller med signaturen «r».

gusta_rygh_hus_2.jpg

I 1885 flytta Gusta inn I den nybygde villaen i Eilert Sundts gate 33 på Uranienborg saman med brørne Oluf og Evald.
I 1885 flytta Gusta inn I den nybygde villaen i Eilert Sundts gate 33 på Uranienborg saman med brørne Oluf og Evald.

Det står att mykje å kartleggje om det Gusta hadde føre seg både i og utanfor arbeidet. Vi veit iallfall at ho var aktiv i Læseforening for kvinder, og ho var på fleire reiser, mellom anna til Berlin (1885) og til Milano og Roma (1897). Truleg var Trine Meyer med på fleire av desse reisene; Berlin-reisa i 1885 var iallfall samtidig med at Trine hadde fått Stortingets stipend for «Haandverkere og tekniske Arbejdere» til bruk «for i Berlin eller Wien videre at uddanne sig og lære nye Arbejdsmetoder», som det står i Departements-Tidende (nr. 57/1885, s. 491). Vidare veit vi at dei to gjesta Nordstrand Sanatorium saman i juli 1888 (jf. oversikt i Morgenbladet 25.7.1888).

Sambuarskapet med Trine Meyer

Det er ikkje klart når Gusta først vart kjend med prestedottera Trine Dorothea Meyer (10. desember 1848 – 12. august 1924). Mest truleg skjedde det i Christiania, der Trine budde saman med faren, Martin Meyer, da han pensjonerte seg frå tenesta som sokneprest i 1878. Trine var fødd og oppvaksen i Loppa i Finnmark, og så budde ho fleire stader i Trøndelag etter kvart som faren skifta embete, frå Melhus til Fosnes i Namdalen og så til Stadsbygd på Fosen. Den pensjonerte soknepresten og kona Nikoline busette seg i Christania i 1878, men etter knappe tre år døydde Nikoline av lungebetennelse. Adressa dei da budde på, var Wergelands Allé 4, og mest truleg er dette det same som Bogstadveien nr. 35, der enkemann Martin Meyer og frk. Trine Meyer er registrerte som bebuarar frå 1883. Her budde dei saman i andre høgda – i periodar truleg òg saman med den eldre søstera Elida. Trine står oppført som «Lærerinde ved Industriskolen» både i adressebøker og folketeljingar frå denne tida, og skulen det er snakk om, er Den Kvindelige Industriskole i Christinia som vart skipa i 1875. Bak stod Foreningen til fremme for kvindelig haandverksdrift, og målet var å utdanne både gode husflidsutøvarar og formingslærarar. I nokså tarvelege lokale i Klingenberggata arbeidde Trine Meyer som lærar i teikning fra 1881 til 1882 og i «finere håndarbeid (prydsøm)» frå 1881 til 1887 (Bugge mfl., 1950, s. 188). Seinare vart ho medlem i styret til Foreningen for national textil Kunstflid, og ho styrte òg Enkefru Bechs Leiebibliotek ein periode omkring 1890.

Som nemnt ovanfor fekk Trine i 1885 eit stipend for å gjere ei studiereise, og turen gjekk til Berlin. På denne reisa fekk Trine mellom anna kjennskap til den såkalla Textil-Eugenia, ei nyoppfunnen vevmaskin som ho fekk eineretten til å selje i Noreg og etter kvart òg i Sverige. Vel heime i Christiana sette ho inn annonsar for «Haandvæveapparat for Damer», og utsalet skjedde frå Frk. Qvammes butikk i Grendsen 17. «Apparatet er saa letvindt og sirligt, at det kan anvendes i enhver Dagligstue», står det i ein annonse, og vidare blir det reklamert for gratis opplæring til alle. Dette skjedde truleg i Holbergs gate 25 (jf. stykket «Julegave for Damer» Morgenbladet 9.12.1885).

for_damer.png

Annonse i Morgenbladet 16.12.1885. Trine Meyer, den mangeårige sambuaren til Gusta, hadde agentur på ei nyoppfunnen vevmaskin som ho òg kursa brukarane i.
Annonse i Morgenbladet 16.12.1885. Trine Meyer, den mangeårige sambuaren til Gusta, hadde agentur på ei nyoppfunnen vevmaskin som ho òg kursa brukarane i.

Annonsar for apparatet finst i ei rekkje aviser mange stader i landet utover i 1886 og 1887. I februar 1887 vart utsalet flytta til Kongens gate 13, og same året gav Trine ut ei rettleiing på 40 sider om bruk av apparatet – «med 26 nye Mønstre og Beskrivelse af vævde Gjenstande». Utover i 1888 vart apparatet bode fram til nedsett pris, og frå 1889 er det ikkje fleire annonsar å finne. I juli dette året døydde far Martin, og det ser ut til at Trine nokså raskt flytta frå Bogstadveien. Etter nokre mellombels adresser slår ho seg i 1894 ned i Holtegata 10, rett ved Uranienborg kyrkje, saman med søstera Elida, og det er her ho bur når ho får Gusta som sambuar i 1899. Etter at storebror Oluf døydde på seinsommaren det året, flytta Gusta som nemnt ut frå «familievillaen» og inn saman med Trine. I husværet i andre høgda heldt dei til fram til i 1905 da dei flytta nokre hundre meter nordover til Neuberggata 24. På denne tida var Gusta mykje sjuk, trass i at ho berre var litt over femti år. Ho måtte redusere arbeidsinnsatsen sin, og i folketeljinga for 1910 blir ho omtalt som «f[or]h[enværende] Journalist», så da var det nok slutt på mange av dei faste oppdraga. Dette året budde dei framleis i Neuberggata 24, men dei må ha flytta få år etter, for dei er ikkje å finne i adressebøkene utover frå 1912. Det er godt mogleg at dei da flytta til Nordstrand, der dei er registrert ved folketeljinga i 1920. Da har dei Seterveien som adresse med det litt mystiske «Benoni» som merknad. Truleg var det «Villa Benoni» dei heldt til i. Det er også Nordstrand som står i dødsannonsen til Trine, som gjekk bort natt til 8. august 1924. Annonsen i Morgenbladet 13. august er underteikna av broren Lauritz Meyer og Gusta Rygh som tek farvel med «min kjære søster og min kjære gamle veninde». Knappe fire år seinare, den 8. april 1928, døyr Gusta. Dødsannonsen i Aftenposten den 14. april var underskriven av «Hennes nevøer og niecer».

min_kjaere_soster.png

I august 1924 døde Trine Meyer av «hjertelammelse». Gusta underteikna dødsannonsen der ho tok avskil med sin «kjære gamle veninde».
I august 1924 døde Trine Meyer av «hjertelammelse». Gusta underteikna dødsannonsen der ho tok avskil med sin «kjære gamle veninde».

Vidare gransking av livet til Gusta Rygh

Gusta er ein viktig biperson i Per Christiansens (2020) omfattande biografi om brørne Oluf, Karl og Evald Rygh, men naturleg nok er dei tre karane i framgrunnen, og det er mykje meir som kunne vore verdt å finne ut om livet til kreative og sjølvstendige veslesystera. Christiansen listar opp fleire brevsamlingar og privatarkiv med stoff etter familien Rygh, og det blir òg klart at Gustas notatbok («Journal») finst i det privateigde Rygh-arkivet (jf. note 290, s. 561). Vidare ville det vore interessant å sjå nærare på alle dei meldingane Gusta skreiv gjennom åra, for å få eit betre inntrykk av korleis ho, som ei av få kvinnelege kulturkritikarar i si tid, las og kommenterte ny litteratur. Gusta var ein stille og inneslutta person, skriv Mørkved (1935, s. 186), men gjennom dei mange hundre tekstane ho skreiv, for det meste anonymt, nådde ho ut til eit utal avis- og bladlesarar gjennom fleire tiår. Ein nærstudie av desse tekstane vil kunne fortelje oss noko om kva person ho var, kva ho såg som verdifullt, og kva ho ville litteraturen skulle gjere med oss.

Likeleis vil nærmare granskingar av både brev og andre private tekstar kunne seie oss meir om forholdet til kvinna som stod ho nær – som venn og sambuar – i bortimot førti år. Trine Meyer er omtalt som nettopp «mangeårig venninne» i fleire historier om familien Rygh, og sjølv om vi ikkje veit kva dei to frøknene såg i kvarandre, er det sikkert at dei reiste saman, skreiv seg inn på kuropphald saman (som på Eidsvold Bad 21. juli i 1906) og budde saman i 25 år. Ingen kjelder fortel om at Gusta hadde amorøse kjensler for menn, og når det stundom er snakk om giftarmål, er det klart at Gusta ikkje ser dette som noko trakte etter. I eit brev dagsett 27. august 1874 skriv Gusta om søstera Petra som nyleg har gifta seg med sin Martin Müller, og det kjem fram at ho ikkje ser ekteskap som noko mål: «Således er det, når man opnår den lykke ‘å få den man vil ha’, så får man en del fornøielser på kjøpet i form av en legion bekymringer og omsorger tillikemed trællearbeide fra morgen til aften så længe man gidder røre sig. Men fornøilse er det naturligvis alt sammen, når man er så usigelig ‘lykkelig’!» Nevøen Elisæus Møller, som gjev att dette utdraget i familiehistoria si (Müller, 1965, s. 36), kommenterer: «Gusta forble da også ugift hele sitt liv – om det var av frykt for trællearbeidet eller fordi hun ikke fikk den hun vilde ha vites ikke.»

den_ene_av_to_damer.png

«Den ene af 2 Damer, som förer fælles Husholdning» var ført opp i skjemaet til Trine Meyer i folketeljinga for 1920.
«Den ene af 2 Damer, som förer fælles Husholdning» var ført opp i skjemaet til Trine Meyer i folketeljinga for 1920.

I minneordet om Gusta som signaturen «E.H.» skreiv i Dagsposten (Trondheim) 18. april 1928, får dei tre brørne hennar – talande nok – mykje plass. Men Gusta blir òg lovprisa som ein evnerik forfattar av tekstar som var «præget av hendes høie kultur, hendes kjærlighet til litteratur og kunst». Vidare blir det sagt at ho treivst med eit anonymt tilvære, og ho var ikkje på sitt beste i store sosiale lag: «Paa tomandshaand derimot kunde man opnaa at ha uforglemmelige samtaler med henne», avsluttar «E.H.»

Litteratur: 

Bugge, Astrid, Helen Engelstad & Valborg Kval (red.) (1950). Statens Kvinnelige Industriskole 1875­­–1950. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard).

Christiansen, Per R. (2020). Brødrene Rygh : fra bygdeliv til nasjonsbygging. Museumsforlaget.

Kristoffersen, Eli & Anders Bendiksen (1998). Bygda og biblioteket. Verdal bibliotek 1848–1998. Verdal kommune / Bygdeboknemnda.

Kvaale, Reidun (1986). Kvinner i norsk presse gjennom 150 år. Gyldendal Norsk Forlag.

Musum, Einar (1930). Verdalsboka. En bygdebok om Verdal. Bind III Gårds- og slektshistorie. Nidaros og Trøndelagens Trykkeri.

Mørkved, Arne (1935). Namdals-slekter. Spillum–Strandslekten 1665–1935. Nidaros Boktrykkeri AS.

[https://www.nb.no/items/09153b96baa2e979c814fdc724a6cb75?page=0]

Müller, E[lisæus] (1965). Minner omkring familien Rygh på Haug i Verdal. E. Müller.

Rygh, Gusta (1951). Hjemmet i Verdalen. Verdal Historielag. Årbok for 1950, 2, 17–50.

[https://www.nb.no/items/234789d28f6060be6d5b253b4a6857ef?page=17]