Knut Jacobsen

Knut Riise Jacobsen. Udatert, ukjend fotograf. Privat eige.
Knut Riise Jacobsen. Udatert, ukjend fotograf. Privat eige.
Knut Jacobsen (1910-1971) var skodespelar ved Trøndelag Teater og aktiv i motstandarbeid under krigen.

Knut Jacobsen var fødd 19. mars 1910 på Jeløya ved Moss. I 1920 var familien flytta til Oslo, nærmare bestemt til Dagaliveien 4 i Vestre Aker. Han gjekk på dette tidspunktet på Frogner skole. Faren var «Adm. Direktør for Norsk Bjergnings kompagni a/s».[1]

Hans fulle namn var Knut Riise Jacobsen, men som skodespelar nytta han berre Knut Jacobsen. Av kollegaer og vener blei han kalla «Jacob» (Pierstorff 1971).

Knut Jacobsen var som ung skipstelegrafist i tre år før han debuterte som skodespelar ved Nationaltheatret i 1932 (Øisang 1962, 185-186).  På 1930-talet var han også eit tid ved Det nye Teater og på Søilen, eit teater leia av Henry Gleditsch (Øisang og Biermann 1941). Då Gleditsch i 1937 starta Trøndelag Teater, var Jacobsen med frå starten av, og det var ved denne institusjonen han skulle verka det meste av karrieren, både som profilert skodespelar, som lærar ved teatrets elevskule og som kostymeansvarleg  - «påpasselig og kresen garderobesjef» (Øisang og Biermann 1941).

Under krigen var Jacobsen ein del av motstandsnettverk som involverte tilsette og studentar ved NTH (dagens NTNU). Gruppa trong ein telegrafist og då Jacobsen som tidlegare skipstelegrafist blei spurd, svarte han straks ja. «Han fant et utspekulert gjemmested for senderen, nemlig snorloftet på teateret hvor senderen og antennen lett kunne kamufleres blant annet teknisk utstyr for scenearbeidet» (Alming 1995, 67). Sendaren blei kalla «Scorpion», og takka vera opplysningar om skipstrafikk og tyske anlegg i Trondheimsområdet som Jacobsen sendte til London, fekk engelskmennene verdifulle opplysningar som gjorde at dei kunne presisjonsbomba ulike tyske mål (Hansen 2014, 385, 389).

Gruppa blei avslørt i slutten av januar 1944 og dei involverte arrestert. Jacobsen kom først til Vollan (Trondheim kretsfengsel) 29. januar 1944 og blei sitjande her til byrjinga av september, då han etter eit kort opphald på Falstad endeleg blei overført til Grini. Her var han fange heilt til freden 8. mai 1945.[2]

Etter krigen heldt han fram som skodespelar ved Trøndelag Teater, berre avbrote av to år ved Oslo Nye Teater 1948-1950.

Ein av kollegaene til Jacobsen på 1950-talet var Kirsten Heiberg, og i følgje Bjørn-Erik Hansens biografi om henne var dei to gode vener:

Hun var hyppig å se sammen med sin kollega Knut Jacobsen, som i likhet med Kirsten var enslig. Jacobsen var homofil, og han var identisk med den Knut Jacobsen som under krigen hadde sendt radiomeldinger til London fra teatrets snoreloft. Kirsten Heiberg og Knut Jacobsen utgjorde et umake par der de om kveldene elegant spaserte fra teatret i Prinsens gate til Britannia Hotel litt lenger øst i byen.» (Hansen 2014, 402)

Teatermiljøa har ein lang tradisjon av toleranse for ikkje-heteronormativ kjærleik og det var svært mange skeive knytt til bransjen. Me veit ikkje meir om korleis dette arta seg for Jacobsen. Fleire biografiske opplysningar om han kunne vore interessant for å belysa tematikken grundigare.  

Jabobsen døde 18. september 1971 (dødsannonse i Adresseavisen 22.09.1971)

REFERANSAR: 

[1]  006 Knut Riise Jacobsen - 0089 Dagaliveien 4: Solstua - 006 Slemdal - Vindern - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1920 for 0218 Aker herred - Digitalarkivet

[2] Knut Riise Jacobsen på Fanger.no henta 28. januar 2024.

Kjelder og litteratur:

Alming, Knut. 1995. Holdningskamp og motstandsvilje. NTH under krigen 1940-45. Trondheim: Tapir.

Hansen, Bjørn-Erik. 2014. Glamour for Goebbels. Historien om Kirsten Heiberg. Oslo: Aschehoug.

Pierstorff, Erik. 1971. "Knut Jacobsen". Dagbladet 22.09.1971.

Øisang, Ole og Ernst Biermann. 1941. Profiler ved Trøndelag Teater. Trondheim: F. Bruns Bokhandels Forlag.

Øisang, Ole. 1962. Trøndelag teater gjennom 25 år. Trondheim: F. Bruns Bokhandels Forlag.