Cora Sandel
Sara Fabricius budde i Paris i 15 år og skulle livnære som kunstmålar, men blei forfattar. I 1913 gifta ho seg med den svenske bildehoggaren Anders Jönsson og blei fru Jönsson. Dei flytta til Sverige i 1921 og tok ut separasjon året etter. Det var i 1922 at Sara Fabricius nytta psevdonymet Cora Sandel for første gong i ei avisnovelle. Ho budde i Sverige resten av livet sitt.
Cora Sandel er mest kjend for dei tre romanane om Alberte Selmer, ein trilogi som handlar om ein kvinneleg kunstnars utviklingshistorie, inspirert av Cora Sandels eige liv: Alberte og Jacob (1926), Alberte og friheten (1931) og Bare Alberte (1939). Namnet Alberte kan godt ha vore inspirert av Christian Krohgs Albertine, ein roman som gjorde sterkt inntrykk på henne. Nemnast må òg romanen Kranes konditori (1945) som året etter gjorde suksess på Det Norske Teatret i Helge Krogs dramatisering. Filmen kom i 1951 og Fjernsynsteatret viste stykket i 1963.
Som Sigrid Undset i Jenny (1911) og Hulda Garborg i Gaaden (1916) presenterer Cora Sandel ei utanlandsk lesbisk målarinne i romanen Alberte og friheten (1931). Vi er i Paris rundt 1912, og den pågåande Wolochinska gjev ikkje opp håpet om å få sjekke opp den tafatte mademoiselle Alberte Selmer. Alberte må passere leilegheita til Wolochinska for å kome opp til seg sjølv, og ho står i døra og passar opp Alberte: "Kom inn et øyeblikk, ta en sigarett med meg. Vi kunne gå ut og spise middag sammen. Det ville glede meg ..." I det minste må Alberte kome inn å sjå det nye måleriet til den polske målarinna.
Men Alberte avviser henne, skuldar på at ho har det travelt og hastar opp trappene: "Bak henne roper Wolochinska: De er slem! Men slem! Vet De da ikke hva ensomhet er?" Alberte tek to trappetrinn om gongen og ropar tilbake: "Jo, roper Alberte: Jo, mademoiselle." Einsemd er nettopp noko Alberte veit mykje om, men er òg svært opprørt over dette ukjende som ho opplever. Inne på rommet set ho seg på senga "med hendene presset mot hjertet som for å holde styr på det".
Nokre romansider seinare dukkar Wolochinska opp på nytt i døra, "lang og smal, i kimono" og kallar på henne, "Mademoiselle Selmer". Det er august og svært varmt i Paris:
Kom inn, ta en kald drikk med meg. Jeg tenkte nettopp å ringe efter en. Gjør Dem det bekvemt her inne en stund. Se på meg –. Med en stor vakker hånd glatter Wolochinska seg nedover kroppen. Den flate gestalten hennes modelleres tydelig under det tynne stoffet, store broderte storker smyger seg rundt henne. Alberte stanser. Hun har litt verk i samvittigheten, fordi hun ikke har vært videre vennlig mot Wolochinska. Det kan være svært synd i den ensomme.
Alberte går derfor inn til Wolochinska, og dei har ein lengre samtale. Wolochinska skal reise på landet, har leigd eit lite hus og inviterer Alberte med. Ho blir straks overvelda av ulike kjensler, "på én gang skremt og lysten foran en felle med en god bit i". Men heller ikkje denne gongen let Alberte seg befale av den polske kunstnaren med "kantete trekk under glatt, kortklipt, meget lyst hår" som viser henne ein iherdig velvilje ho ikkje heilt forstår og ikkje gjengjelder. Men Wolochinska gjev seg ikkje: "Hun griper Alberte i skuldrene, ser henne med sitt harde, blå blikk inn i øynene. Alberte får akkurat tid til å kjenne beklemmelsen gå over i angst – så har hun fått et heftig, befalende kyss like på munnen. Som stukket av en veps drar hun hodet unna –" Alberte kjenner seg uvel, ønsker Wolochinska ein god sommar og kjem seg fort ut døra. Bak seg høyrer ho Wolochinska: "Lille dumrian. Lille kalde dumrian fra Norden. Hva var det De trodde? De har en nervøs sykdom, mademoiselle Selmer –" Oppe på rommet sitt glipp det ut av henne: "Og jeg kan ikke med sånt som dette", seier ho høgt til seg sjølv.
Det er godt mogleg at Alberte ikkje kan noko med lesbiske, men forfattaren Cora Sandel har iallfall visst at dei eksisterer, både fordi ho har budd lenge i Paris, og fordi ho der "oppriktig har elsket en forfatter" – nemleg den franske biseksuelle Colette. Det skriv Sandel i sin lange minneartikkel om Colette i Bonniers litterära magasin (1954) der ho uttrykkjer seg svært varmt og begeistra om Colette og hennar mange bøker. Då romanen La Vagabonde kjem ut i 1910, delvis basert på Colettes eige liv, omset Sandel boka straks til norsk. Men ho er ikkje lenger stø i språket, og romanen blir først utgjeven i 1952 med tittelen Omstreifersken.
Colette har skrive ei rekkje bøker, mellom anna ein serie delvis sjølvbiografiske romanar om Claudine, ein biseksuell karakter inspirert av forfattaren. Forutan å skrive opptredde Colette som varietéartist, og dreiv mellom anna med pantomime. På scena i Moulin Rouge skal ho ha skapt oppstyr med å kysse ei anna kvinne, og å blotte det eine brystet. Den sistnemnde pantominen såg Cora Sandel om og om igjen. Ei tid var òg Colette kjærast med Natalie Clifford Barney, ei kjend amerikansk, lesbisk forfattarinne. Cora Sandel var samtidig svært begeistra for ein annan kvinneleg kunstnar, den biseksuelle dansarinna Isadora Duncan som opptredde mykje i Paris. Duncan dansa ofte barbeint og revolusjonerte den europeiske dansekunsten med sin "fridans". Sjølv ville Cora Sandel gjerne ha kunna danse: "Från børjan ville jag dansa. Från førsta gången jag såg dans, cirkusartister, ballettdansöser. [...] I Paris sprang jag och såg allt jag kunde, ryska baletten, Isadora Duncan, Colette. Bara det hade funnits någon möjlighet." (Øverland 1983)
I 1995 skriv Janneken Øverland ein biografi om Cora Sandel. Den blir sterkt imøtegått av kanskje Noregs sterkaste litteraturkritiske stemme, Toril Moi, i ein kronikk i Bergens Tidende med tittelen "Livet uten verket". Her hevdar Moi at for ein biograf som ønsker å gripe spennvidda i eit menneskesinn, bør ein forfattars måte å behandle vesentlege tema på vere like relevant som forfattarens liv. Toril Moi etterlyser mellom anna ei meir inngåande forklaring på Cora Sandels beundring og sverming for Colette, og meiner at det faktisk berre er forfattarskapen som kan fortelje oss noko interessant om Colettes verkelege rolle og inspirasjon for Cora Sandel. Moi saknar rett og slett svar på "spørsmålet om Sandel muligens var mindre ’straight’ og heteroseksuell enn dominerende ideologi gjerne vil ha det til". Sjølv om det biografisk sett skulle vere klart at Sandel ikkje hadde eit einaste seksuelt forhold til ei kvinne, ville "(e)n mer litterær innrettet biografi kunne tillate seg å se nærmere på seksualiteten i tekstene til Sandel for om mulig å belyse dette gåtefulle emnet". (Moi 1995)
I 1939 kom det ei yngre kvinne inn i livet til Cora Sandel, nemleg legen og psykiateren Eva Lagerwall (1898–1960). Dei blei nære venninner, og i periodar budde dei saman i Stockholm og i Uppsala fram til Eva Lagerwall døydde i 1960. Sommaren 1950 var dei på ein månads langt opphald i Tromsø. På stranda i Telegrafbukta plukka Lagerwall opp ein liten rund stein som ho gav til Sandel ein dag ho var litt trist. Den steinen låg på skrivebordet til Cora Sandel og minna ho om plassen ho kalla sin heimstad, og om den nære venninna ho mista altfor tidleg.
Litteratur:
Moi, Toril. 1995. "Livet utan verket" i Bergens Tidende 16.12.
Sandel, Cora. 1954. "Colette" i Bonniers litterära magasin.
Øverland, Janneken. 1983. Cora Sandel om seg selv. Stabekk: Den norske bokklubben.
Øverland, Janneken. 1995. Cora Sandel. En biografi. Oslo: Gyldendal.