Dansaren
Dansaren er lyrikeren Marie Takvams første roman, utgitt i 1975. Boken, som formidler en kjærlighetshistorie mellom en kvinne og en bifil mann, er delvis bygget på Takvams eget liv.
Forlaget gir følgende beskrivelse av Dansaren:
Det er ei bok om den vanskelege kjærleiken - ei sterk og dristig bok. Ei kvinne elskar og lever saman med ein bifil mann. Dei har det godt saman, men likevel tar han sitt eige liv. Sjølvmordet, reaksjonane då han brått blir borte, avdekker haldningar kvinna før ikkje har vore fullt klår over. Ho blir tvinga til å prøve å forstå, bruke sansane sine til det ytste: Kva hende i grunnen? Måtte det hende? Kven er det som har ynskt han ut av livet og vist så stor forakt at det har vore med på å ta livet av han?
Denne romanen er tema i den aller første utgaven av tidsskriftet Løvetann, der Marie Takvam også er avbildet på forsiden.
Løvetanns journalist trekker frem både positive og negative sider ved boken. Hen setter pris på følelsesskildringene:
Av nyare norske forfattarar kan eg ikkje hugse å ha lese meir presise, realistiske og ærlege kjensleskildringar. Særleg imponerande var skildringa av kjærleiken mellom hovudpersonene og sorga den kvinnelege hovudpersonen kjenner når venen hennar døyr. Det er inga dveling ved eller utmaling av detaljar utover det som er heilt nødvendig for å få eit nøyaktig bilete av situasjonen. Sjølv om innholdet er tragisk vert boka difor aldri sentimental.
Men uttrykker også:
Likevel er det mange særs stygge feilskjær i boka. Eg trur det kjem av at hovudperson ikkje torer å ta kontakt med det homofile miljøet - i boka representert ved "dansaren". Dette fører til at ei rekke av dei vanlegaste mytane om homofile ikkje vert avkrefta, tvert om får dei nytt liv.
Marie Takvam blir også selv intervjuet i Løvetann 1/1977. På spørsmål om hvorfor hun valgte homofili som tema for sin første roman, svarer hun:
Boka er delvis autentisk. Eg har levd saman med ein bifil mann som tok sjølvmord. Han, saman med eit par andre, har laga modell for hovudpersonen Fredrik. Etter sjølvmordet byrja eg å tenkja over kvifor slike ting skjer. Ei av hovudtinga med å skrive boka, var å syne korleis avvikande seksuell legning vert trekt fram ved alle høve. Eg veit om fleire rettsaker kor ein person sin homofili har vore avgjerande for skuldspørsmålet. Andre eigenskapar tel tilsynelatande ikkje når ein er homofil.
I biografien Hun skrev for å kunne leve (2021) forteller hennes sønn, Magnus Takvam, mer om kjærlighetsforholdet som var til inspirasjon for romanen.
Marie Takvam ble født i 1926 og døde i 2008, 81 år gammel. Hun debuterte som forfatter 25 år gammel med diktsamlingen Dåp under sju stjerner, og ga ut i alt 13 diktsamlinger, samt to romaner, en barnebok, et hørespill og et skuespill.
Litteratur:
Takvam, Marie. 1975. Dansaren. Oslo: Pax
Takvam, Magnus. 2021. Hun skrev for å kunne leve: min mor, Marie Takvam Oslo: Kagge
"Dansaren - feilskjær i homofilien". Løvetann 1/1977, s. 8-10