Pastor Halvorsens skandale

Portrett av Emil Halvorsen i ung alder. (Faksimile frå Kristelig Tidende nr. 41/1960.)
Portrett av Emil Halvorsen i ung alder. (Faksimile frå Kristelig Tidende nr. 41/1960.)
Emil Halvorsen (1862–1918) var arbeidarsonen som gjekk frå å vere metodistpastor til å bli omsverma enterteinar med status som halvkjendis over heile Skandinavia. Det som skulle gjere han mest namngjeten, var likevel tiltalen om brot på lova som forbaud «utugtig omgjængelse mellem personer af mandkjøn». I 1909 starta saka som etter kvart skulle avsløre at pastor Halvorsen hadde ei seksuell orientering som gjekk imot både lovverket og den bodskapen han sjølv preika frå så mange talarstolar.

«Hvor let det er for to at vinde. Naar han er Mand, og hun er Kvinde.» 

Emil Halvorsen i boka Ægteskab og Familieliv (1906) 

Ulike religiøse grupperingar har i lange tider vore blant dei som mest høgmælt har blanda seg inn i korleis familielivet helst skal ordnast. Det gjeld alt frå barneoppseding, sambuarskap og giftarmål til prevensjonsmiddel, skilsmisse og livet til åleinemødrer. Som ein kan vente, har skeive personar stadig komme på kant med slike påbod, og mange har derfor kjent på fordømming og utestenging frå trussamfunna som med tilvising til heilage skrifter definerer visse samlivsformer som «ureine», «umoralske» eller «syndige». Og nettopp den sterkt moraliserande tonen om ekteskapet mellom mann og kvinne som det einaste rette samlivet, var det som gjorde saka til pastor Halvorsen så pikant i si tid. Han som i fleire år hadde reist omkring og gjort store pengar på å halde føredrag med titlar som «Kjærlighed. Forlovelse. Ægteskab», viste seg med eitt å ha brote mot alt som var sedeleg og sømeleg. Ein slik dobbeltmoral vekte sterke reaksjonar, og som vi skal sjå nedanfor, var det mange skribentar som med dårleg løynd skadefryd peikte på at «Sædelighetsapostelen» som på folkemøta sine «havde stillet de strængeste krav til sædelig renhet», eigentleg var ein hyklar og overgripar. 

emil_halvorsen_2.jpg

Fotografi av Emil Halvorsen frå 1908, kan hende tatt i samband med eit besøk i Trondheim i august det året. I arkivet har bildet tittelen «Herr Pastor E. Halvorsen og søn», og om det er den eldste sonen, Reidar, er han ti år på bildet. Kan hende var Reidar spesielt stor for alderen, men mange vil nok tykkje at guten på bildet ser eldre ut enn ti år, og da er det ikkje utenkjeleg at Halvorsen er avbilda med ein av turneassistentane sine. Foto: A. Røske/ NTNU Universitetsbiblioteket.
Fotografi av Emil Halvorsen frå 1908, kan hende tatt i samband med eit besøk i Trondheim i august det året. I arkivet har bildet tittelen «Herr Pastor E. Halvorsen og søn», og om det er den eldste sonen, Reidar, er han ti år på bildet. Kan hende var Reidar spesielt stor for alderen, men mange vil nok tykkje at guten på bildet ser eldre ut enn ti år, og da er det ikkje utenkjeleg at Halvorsen er avbilda med ein av turneassistentane sine. Foto: A. Røske/ NTNU Universitetsbiblioteket.

Men for å få eit klårare inntrykk av kven den vidspurde pastor Halvorsen var, må vi gå lenger bak i tida. Det er ei rekkje kjelder som gjev innblikk i livet til Emil Halvorsen, men så vidt vi kjenner til, etterlet han seg ikkje noko sjølvbiografisk materiale eller tekstar der han fortel sin versjon av sakene han var innblanda i. Han var rett nok ein særs produktiv forfattar som gav ut fleire bøker og leverte stykke til ei mengd tidsskrifter og aviser, men han skreiv lite om seg sjølv, med unnatak av ei forteljing om barndomsåra («Dit Navn Gut!» frå 1897). Vi veit derfor lite om kva han tenkte om sin eigen seksualitet og om forholdet mellom liv og lære, som han venteleg må ha grunda mykje på. Til denne framstillinga har vi heller ikkje konferert med rettsdokumenta der forhøyrsreferata og forklaringane hans er med. I staden har vi har basert oss på det som avisene i samtida rapporterte frå dei ulike rettsmøta. Dette fører sjølvsagt med seg ein fare for upresise og mangelfulle attgjevingar, men samstundes får vi eit inntrykk av kva forhold som vart oppfatta som journalistisk interessante – og dermed særleg vesentlege – i Skandinavia tidleg på 1900-talet. 

Ein ung metodist 

Emil var fødd i Kristiania som son av «Kulsjauer» (altså ein som lesser kol) Halvor Nilsen og Emilie Christiane Christiansdatter. Truleg arbeidde faren med lemping av kol på Regineborg Teglværk på Sagene rett ved Akerselva, og dette er også registrert som bustad for den vesle familien. Fleire kjelder fører opp 8. juli som fødselsdagen til Emil, men kyrkjebøkene seier den 23. juli 1862. Og på den same dagen døydde mora av komplikasjonar under forløysinga. Emil og søstera vart tidleg sende til ein slektning i Solør, heimbygda til faren, og dei første seks åra budde Emil der. Da han kom tilbake til byen, hadde faren vorte nokså drikkfeldig, og Emil fekk ein vanskeleg oppvekst. I ung alder kom han i kontakt med metodistmiljøet som hadde grodd fram i Kristiania omkring 1860. Som tenåring gjekk han jamleg på møte i bedehuset «Hauges Minde» i grannelaget på Grünerløkka, og sjølv om han vart statskyrkjeleg konfirmert, med «Udmerket god» som karakter, heldt han kontakten med metodistane. Få år etterpå, mens han jobba som visargut og seinare ekspeditør i ein butikk, bestemte han seg for å vie livet til evangelisering. Han kom i kontakt med ein kar som gav han tilgang til universitetsbiblioteket, og dei neste åra brukte han mykje av fritida på å lese – alt frå romanar til historie og teologi. Det var såleis ein godt opplesen ung mann som vart tatt opp i metodistkyrkja i Kristiania i september 1885. Da hadde han allereie arbeidd i søndagsskulen i fleire år, og han vart snart brukt som lokalpredikant. No skulle det bli slutt på tida som butikkbetjent, og Broder Halvorsen vart til Pastor Halvorsen. Først leia han metodistkyrkjelyden på Hamar, der han «øvede en mægtig Indflydelse som Evangeliets Forkynder», som ein biograf formulerer det. Deretter var han i Tromsø ein kort periode før han flytta vidare til posten som forstandar i Kristiansund. I løpet av dei nesten fire åra på Nordmøre gifta han seg med Ragnhild, dotter til den akta metodistpresten Ole Olsen, og saman fekk dei dottera Edel.  

Tilbake til Kristiania 

I 1894 vart Emil Halvorsen pastor i kyrkjelyden på Grünerløkka, staden der han sjølv starta livet som metodist, og her blant sine eigne var den «sjeldent begavede unge broder» særs omtykt. Han blir omtalt som ein uvanleg dyktig talar som trekte mykje folk. Særleg på ettermiddagsmøta var det stor oppslutning, jamvel om samlingane kunne vare i over fire timar; «og enda ville folk nødig gå», kommenterer ein kronikør (Hammelbo mfl., 1945, 25). 

Den vesle familien heldt hus fleire stader i bydelen dei neste åra, og ved sida av arbeidet i kyrkja var Halvorsen redaktør i metodisttidsskriftet Kristelig Tidende og søndagsskulebladet Børne-Vennen. Han var dessutan styrar for «Den teologiske skole», læreanstalten til metodistane, i noko over eitt år, og han gav ut fleire bøker. Om ein skal tru meldarane, vitna tekstane hans om eit poetisk talent med stor psykologisk innsikt: «[Han] er lidt af en Digternatur. Han eier en Lyrikers varme, følsomme Temperament», skreiv Fredrikstad Dagblad noko seinare (attgjeve i Oplandenes Avis 17.8.1907). Det er ikkje heilt lett å skildre den teologiske profilen til Emil Halvorsen, men fleire kjelder omtaler han som meir frisinna enn mange av dei samtidige kollegaene. Han såg på rørsler i retning av ein meir liberal teologi som «et friskt vær», og støtta fleire av dei frilyndte ideane som spreidde seg i protestantiske miljø. Han stod for ei lys kristentru og eit «freidig livssyn», men det betyr langt ifrå at han var nokon radikalar. Han uttalte seg kritisk til målsmenn for sosialismen, og sett med dagens auge var han temmeleg tradisjonalistisk og streng i åtvaringane sine om kva verdslege fornøyelsar kunne føre til. 

I 1903 tok Halvorsen over som forstandar for metodistkyrkja i Fredrikstad, og familien på fem – sønene Reidar og Oddvar var no komne til – flytta dit. Han heldt fram med redaktørverksemda, og han reiste mykje rundt som talar på ulike kristelege møte. Etter fire år vart det slutt på tilsettinga i Fredrikstad, og Halvorsen tok ny post på Hamar. Biskopen gav Halvorsen løyve til først å gjere ei reise i USA i inntil fire månader, og i slutten av september 1907 reiste han frå Kristiania til Liverpool og derifrå til New York. Han skreiv jamleg reisebrev til Morgenposten, og der blir det klart at han hadde ein omfattande føredragsturne i dei norske innvandrarmiljøa. Veslejulaftan var han tilbake i Noreg att, og på nyåret 1908 heldt han fleire føredrag om opplevingane i Amerika. Kanskje var det amerikareisa som hadde gitt han smaken på å drive meir som føredragshaldar og mindre som organisator for kyrkjelyden. Han sa iallfall frå seg redaktørverva, i hovudsak som følgje av ein langvarig polemikk med representantar for pinserørsla, og i 1908 fekk han avskil frå stillinga som pastor. Til biskopen forklarte han avgjerda som naudsynt for å få meir tid til litterær verksemd og for å kunne «efterkomme de mange Indbydelser, der stadig indløber til ham om at komme og holde Foredrag dels herhjemme og dels blant Landsmænd i Amerika» (Kristelig Tidende 35/1909). 

«Sædelighetsapostelen» 

Og no skulle Emil Halvorsen for alvor drive med det han likte best: Å skrive bøker og å tale til store folkemengder – som samtidig fekk tilbod om å kjøpe bøkene hans. Med utgangspunkt i føredrag han hadde halde i Fredrikstad og Kristiania våren 1906, gav han same året ut Ægteskab og Familieliv: hvorledes bereder vi os til et lykkeligt Hjem? Ei svensk utgåve kom omtrent samtidig. Denne boka skulle bli ein storseljar: I annonsane om det nye opplaget som kom i 1907, denne gongen med bilde av forfattaren på omslaget, vart det framheva at boka no var trykt i 13000 eksemplar. Tematikken i boka skulle bli det sentrale stoffet i mange av dei hundretals føredraga Halvorsen heldt i åra framover.  

No var det dei store møtelokala som var arenaen hans. Avisene skreiv panegyriske omtalar frå fleire kantar av landet: «Pastor Halvorsen er ganske bestemt i Besiddelse af en Trolddomsgave»; «en Stortaler»; «Taleren forstaar isandhed den Kunst at fængsle sine Tilhørere»; «Salen, Scenen, hver Tomme optat en Time før Foredraget» ; «Smil og Taarer hele Aftenen» (sitert etter Søndmøre Folkeblad 5.12.1908). For det meste vart det kravd inngangspengar, frå 15 til 50 øre, som saman med boksalet i etterkant av føredraga må ha utgjort ein monaleg inntektsauke for Halvorsen. Frå referata etter føredraga kan ein òg tolke at det forkynnande aspektet etter kvart vart mindre tydeleg, særleg på dei store møta. Det låg ein bibelsk og kristen-sosial bodskap i botn, men elles vart Pastor Halvorsen, som strengt tatt ikkje var pastor lenger, meir enterteinar enn emissær framfor folkehopane som samla seg i lokale teatersalar, arbeidarforeiningar og samfunnshus. «Det var et alvorlig, halvt religiøst Foredrag! men Pastoren forstod at krydre det alvorlige med munter Skjæmt, som fræmbragte Smil paa tilhørernes Ansigter, samtidig som de alvorlige Partier bragte Taarene frem i mange Øine», var omtalen i Stenkjærs Avis den 20. juni 1908. Da Halvorsen seinare på hausten besøkte Telemark, skreiv ein møtedeltakar i Langesundsposten (4.11.1908): «Pastoren er en skjælmsk Mand, der siger de alminneligste Hverdagsting paa en tiltrækkende maate». Utover i 1908 vart han omtalt som «landskjent» i fleire aviser, og da han vinteren 1909 starta ein ny turne i Gudbrandsdalen, inneheldt annonsane følgjande utdrag frå ein aviskritikk: «[et] Foredrag, der ligger uendelig langt over, hvad man ellers til daglig faar høre». Turneen heldt fram i fleire Vestfold-byar, og så stod Grenland for tur. Der skjedde det som skulle gje «Sædelighetsapostelen» ei alvorleg ripe i lakken. 

emil_halvorsen_5.png

Faksimile frå avisa 1ste Mai 22.1.1909
Faksimile frå avisa 1ste Mai 22.1.1909

Drama på Victoria Hotel 

Ei vellykka rekkje av føredrag i Porsgrunn i siste halvdelen av januar vart avbroten av politiet etter at hovudpersonen vart meldt for mishald av § 213 i straffelova, det vil seie paragrafen om «utugtig omgjængelse mellem personer af mandkjøn». Det var verten på Victoria Hotel, dansken Niels Sønderskov, som stod bak meldinga etter at han sjølv hadde gjort visse undersøkingar. Halvorsen hadde fleire gonger vore gjest på det som var Porsgrunns staselegaste hotell, og det at han stadig kom i følgje med ein ung mann, hadde vekt mistanke hos hotellsjefen. Innhaldet i diverse brevkort mellom dei såkalla assistentane og pastoren, som Sønderskov tydelegvis hadde lese, styrkte mistanken hans, og under dette besøket ville han ta Halvorsen på fersk gjerning. Han bora små hol i døra til rommet der Halvorsen skulle bu, og fekk med seg to tenestejenter som vitne. Det dei såg gjennom hola, meinte dei stadfesta at pastoren stod i eit utilbørleg forhold til «følgesveinen». Politiet tok med seg Halvorsen til Skien for å få ei nærmare forklaring, og i møtet med statsadvokaten nekta pastoren for at det hadde skjedd noko usømeleg. Guten som var med han på reisa, var ein 17-åring frå Hamar, som tok seg av annonsar og praktisk organisering av folkemøta. Halvorsen, som no var i sitt 47. år, forklarte at han hadde tatt til seg guten «i sin søns sted», og at ein slik assistent var heilt naudsynt for ein som turnerte mellom så mange arrangement. Vidare sa han at det hotellpersonalet hadde sett gjennom kikhola, ikkje var anna enn den morgongymnastikken som han i fleire år hadde drive med etter tilråding frå legen sin. I avisene kommenterte hotellsjef Sønderskov at han visste vel kva han hadde observert, og at dei to på rommet hadde gjort alt dei kunne for å unngå å bli sedde, mellom anna ved å klistre papir framfor nøkkelholet, og han tykte elles at det var påfallande kor ofte pastoren skifta «son», for det var ein annan ung mann som hadde vore med han førre året.  

«De indtrufne omstændigheder var nok desværre disse, at hr. pastoren en stund førend han skulde gaa paa talerstolen og prædike moral for sine medmennesker, selv paa hotellet, hvor han boede, paa fersk gjerning blev greben i (homosexuel) sædelighedsforbrydelse.» 

Frå Bratsberg-Demokraten 23. januar 1909. 

Dei neste dagane dukka forfælde notisar opp i aviser landet over. «Det vil vække harme og avsky over det hele land, hvor pastor Halvorsen har reist og ‘virket’, hvad der nu berettes om ham. Han synes at høre til en av de store i rækken av prestelige sædelighedsforbrydere i vort land», skreiv 1ste Mai (22.1.1909). Dei påståtte «homosexuelle Udskeielser» var særleg ufattelege fordi Halvorsen var velkjend for å ha ført «et lykkeligt familieliv»: «[D]et maa være en sygelig abnormitet, som har ført ham ind paa disse uhyggelige veie», slo Farsund-avisa Lister fast (25.1.1909). Den populære talaren som stort sett hadde fått berre godord for framferda si, måtte no sjå avisene omtale han som «afskyelig sædelighedsforbyder», «den feilende broder» og «den glattungede prædikant». Hendingane i Porsgrunn vart òg tematisert i vittigheitsblada som det fanst mange av på denne tida. Den 6. februar kom følgjande vits på trykk i Vikingen

«Hvad siger du om ‘Pastor’ Halvorsens Skandale paa Sønderskovs Hotel i Porsgrund da, Persen?»  

«Aa, Stakkar, han troede vel, at han ikke med god Samvittighed kunde tale om ‘Ægteskabets Renhed’ og ‘Forholdet mellom Mand og Kvinde’ uden først at ha’ Erfaring paa alle Omraader!»  

Pastorens avvikande seksualitet var sameleis underteksten for eit vers i «Karneval-Vise» som Vikingen trykte den 6. mars 1909. Temaet tilsløring blir slått an i første verset: «De færreste har Lyst at vise // sig frem for Verden, som de er. // Ja, baade Per og Paal og Lise // som Regel altid Maske bær’.» Og i rekka av samtidige døme på maskering og tildekking kjem Halvorsen i sjette verset: «Og ‘Pastor’ Halvorsen han danser // med en Sylfide skjøn som Vaar! // Nej se, hvor int’ressert han svanser, – // lidt uvant er det, men det gaar.» 

Dei pikante elementa i saka gjorde sitt til at ein del journalistar smurde vel tjukt på, og det som først vart skildra som ein arrestasjon med påfølgjande fengsling i Skien, vart etter eit par veker modifisert på fleire punkt: Halvorsen vart førd til Skien for å forklare seg for politiet, han budde på hotell, den unge assistenten var med han, og etter forklaringane var pastoren ein fri mann som kunne reise heim til Kristiania – i følgje med 17-åringen. «Gutten ser meget bleg ud», rapporterte eit par aviser, men alt tydde elles på at han følgde med den påståtte overgriparen heilt frivillig.

emil_halvorsen_4.jpg

Victoria Hotel i Porsgrunn med sine «smukt monterede værelser» hadde eit godt ry. Her vart pastor Halvorsen tatt på fersk gjerning i 1909 (Foto: A. B. Wilse/ Norsk Folkemuseum)
Victoria Hotel i Porsgrunn med sine «smukt monterede værelser» hadde eit godt ry. Her vart pastor Halvorsen tatt på fersk gjerning i 1909 (Foto: A. B. Wilse/ Norsk Folkemuseum)
   

Frikjend 

I februar møtte Halvorsen og guten til forhøyrsretten i Kristiania, der mor til ein annan av pastorens assistentar forklarte seg om det ho meinte var eit overgrep. Saka rulla vidare med forhøyr i Porsgrunn i starten av mars, og etter desse forklaringane skreiv ei avis at Halvorsen «ikke helt har kunnet opretholde sin Benægtelse». Kva som låg i dette, kjenner vi ikkje til ettersom vi ikkje har sett nærare på rettsreferata, men det antydar at Halvorsen hadde gått tilbake på noko av det han tidlegare hadde sagt. Han vart sett under tiltale for brot på paragrafane 213 og 197 i straffelova, den siste fordi den fornærma var ein person under 18 år som «staar under [gjerningspersonens] myndighed eller opsigt». Den 11. juni vart pastor Halvorsen dømd av Gjerpen meddomsrett til nitti dagar fengsel og femti kroner i kostnader. Det var dissens blant dei tre dommarane, men utfallet vart altså at han var funnen skuldig. Han anka dommen, og i august kom saka opp for lagmannsretten i Skien, der forhandlingane gjekk for stengde dører. Tolv vitne forklarte seg, og det var synfaring på Victoria Hotel. På andre dag av rettsmøtet vart Halvorsen frikjend, og dermed hadde skandaleaffæren iallfall fått ein juridisk sluttstrek. Metodistkyrkja sitt organ Kristelig Tidende, der Halvorsen hadde vore redaktør i nær ti år, rykte dagen etter inn ein kort notis: «Ved Lagmandsting i Skien Onsdag 11. ds. blev Emil Halvorsen frifundet.» I løpet av dei sju månadene saka hadde stått på, var dette det einaste bladet skreiv om ho. Heller ikkje historieframstillingane til dei ulike metodistsamfunna nemner det som skjedde i den seinare delen av pastor Halvorsens karriere. Den norske metodistkirkes historie skisserer jamvel eit så komprimert tidsforløp at ein får inntrykk av at Halvorsen flytta til Amerika allereie i 1908 (Thorkildsen, 1926, 277). Det fall nok mange trusfellar tungt for brystet å sjå at ein omtykt predikant skulle bli kopla til det usedelege i offentlegheita, og ved eit par høve skreiv representantar for kyrkja avisinnlegg for å presisere at Halvorsen ikkje var assosiert med metodistane lenger. Sjølv da frikjenninga kom, kjendest det neppe naturleg for Halvorsen å søkje tilbake til kyrkjelyden. I staden la han ut på ein enda større føredragsturné. 

Skandinavisk suksess 

Frå september 1909 og gjennom vinteren reiste Emil Halvorsen frå talarstol til talarstol i Danmark, og om ein skal tru annonsane han sjølv rykte inn, var det ein stor suksess: «I Aalborg overfyldt ½ Time før Tiden. I Randers over 1000 Tilhørere. Foredraget maatte gentages, og Hundreder maatte gaa uden at faa Plads.» Horsens Folkeblad (1.10.1909) rapporterte om at «Tilstrømningen var saa overvældende, at billettsalget maatte standses før det fastsatte Klokkeslet». Meldaren var elles godt nøgd med den norske gjesten: «Foredragsholderen var ret veltalende; det er en ca 30 aarig blond, glatbarberet Mand med et meget smilende Ansigt. [...]».

Også heime i Noreg hadde Halvorsen jamleg utstyrt annonsane med ein merknad om at barn ikkje hadde tilgang til arrangementa, men på den danske runden vart dette poenget framheva enda sterkare: «Adgang kun for voxne» stod gjerne med like stor skrift som sjølve føredragstittelen, og fleire aviser kommenterte at dette «pirret Nyfigenheden» hos mange og bidrog sterkt til tilstrøyminga. Ferda gjekk innom mellom anna Aalborg, Hjørring, Horsens, Vejle, Fredericia, Svendborg, Herning og Rønne på Bornholm. I mars 1910 drog han over til Sverige, og omtrent samtidig kom det ut ei lita bok basert på føredraga i Danmark, Lykkelige hjem; nogle jævne ord om kærlighed, forlovelse og ægteskab. I over to år skulle han reise på kryss og tvers i Sverige, frå Trelleborg i sør til Luleå i nord. Om han var heimom til familien i Schwensens gate på St. Hanshaugen innimellom, veit vi ikkje, men i folketeljinga frå 1910 står det ein merknad om «antat Opholdssted Sverige», og det tyder på at han ikkje oppdaterte kona så ofte. 

Suksessen såg ut til å halde fram òg i Sverige. Avisene fortel om at føredraget «Kärlek, förlovning och äktenskap» trekte store folkemengder som var begeistra for pastoren – som altså var tittelen han framleis brukte: «Hela publiken var idel öra. […] Ung som gammal ömsom skrattade vid talarens humoristiska och satiriska infall och ömsom fuktades ögonen av djup rörelse. [A]pplåderna ville icke tystna på en lång stund», skreiv Västerbottenskuriren (2.12.1911) etter føredraget i Umeå. Enterteinaren var i medvind att, den svenske utgåva av boka hans hadde komme i tredje opplag, og affæren på Victoria Hotel var gløymd. Kva Halvorsen gjekk og grubla på, veit vi ikkje, men da rettssaka var komen litt på avstand, skreiv han iallfall eit kjenslefylt innlegg i Kristelig Tidende (nr. 31/1911, 4.8.) retta til «fordums venner og medarbeidere»: «Trods haarde slag, dybe sorger og savn, det har alligevel været en lykkelig tid. […] Jeg har mine kræfter i behold, jeg kjender mig sterkere, friskere og mere arbeidslysten end nogensinde. Og Ragnhild, min prægtige hustru, vil staa med mig.» 

emil_halvorsen_6.jpg

Schwensens gate 22, bygarden til høgre på bildet, var den siste adressa familien Halvorsen budde på i Kristiania. Far Emil var registrert med yrkestittelen «Disponent», men reiste rundt som «Pastor». (Fotograf: A.B. Wilse. Eigar: Oslo Museum.)
Schwensens gate 22, bygarden til høgre på bildet, var den siste adressa familien Halvorsen budde på i Kristiania. Far Emil var registrert med yrkestittelen «Disponent», men reiste rundt som «Pastor». (Fotograf: A.B. Wilse. Eigar: Oslo Museum.)

Skandale i Småland 

Harmonien skulle få ein brå slutt da Halvorsen i oktober 1912 vart arrestert for overgrep mot ein 16 år gammal gut. Bakgrunnen var at han hadde komme i kontakt med to unggutar i Eksjö i Småland som han overtalde til å følgje med på turneen som assistentar og bokseljarar. Dette skulle dei få både løn og provisjon for. Ein av dei, guten med etternamnet Fridholm, slo til og vart med pastoren til Grand Hotel. Det var der tilnærmingane skulle ha skjedd. Guten reiste heim til Jönköping, om lag seks mil vestover, og fortalde faren om hotellbesøket. Dermed vart lensmannen kopla inn, og Halvorsen vart oppsøkt og skulda for «gärning som sårat tukt och sedlighet så att fara för andras forförelse däraf kommit», som lovteksten sa. I starten av november var det rettsmøte i Eksjö, og der møtte både Fridholm og den andre ungguten. Halvorsen nekta først for at han hadde hatt følgje av andre unge menn på turneen, men etter kvart vedgjekk han at det hadde skjedd. Det kom dessutan fram at han hadde hatt ein relasjon til ein 20-årig landbruksarbeidar i Sölvesborg, og lensmannen i Karlshamn hadde meldt at pastoren på eit besøk der hadde «burit sig otillståndig åt» mot to andre gutar. Saka frå Noreg var òg bringa inn, men da viste Halvorsen til frikjenninga, og han hevda samstundes at klagemålet botna i ei hemngjerning frå meiningsmotstandarar i pinserørsla. Ifølgje avisreferata innrømte Halvorsen etter kvart at han var «perverst anlagd», men at han ikkje hadde utført noko overgrep, sjølv om han hadde «gjort åtskilligt som kunnat vara oklokt», som Göteborgs Handels- och Sjöfartstidning (18.11.1912) uttrykte det. Smålandsposten skreiv same dag: «[Halvorsen] erkände sig af naturen vara homosexuelt anlagd och i följd af denna belastning tyckte han om manligt sällskap. [...] Han hadde ständigt kämpat emot sin olyckliga böjelse men fallit för den.» 

Heradsretten dømte Halvorsen til seks månader fengsel og dekning av sakskostnader og oppreisning til offera. No fekk svenske avislesarar høyre mange detaljar om «den perverse pastorn», og det tok ikkje mange dagane før nyhenda om «hans gyselige forbrytelser» vart spreidde i både danske og norske kanalar. Fleire oppslag vart det da han seinare i månaden var til forhøyr i Östre Göinge heradsrett i høve saka med 20-åringen i Sölvesborg. Den unge nepeplukkaren kunne forklare at pastoren hadde hyrt han som assistent, og på første stopp på turneen forgreip han seg på han. Halvorsen meinte at «noget urent» ikkje hadde skjedd mellom dei, og om så var, så «maa det ha været i Søvnen». Han ville korkje stadfeste eller nekte for at noko intimt hadde gått føre seg, men han vedgjekk igjen at han hadde ei avvikande seksuell orientering: «Jeg har altid været meget interesseret av mit eget kjøn», vart Halvorsen sitert på i Sölvesborgtidningen (3.12.1912). Men det var ikkje einstydande med at han hadde forgripe seg: «Det viser en abnormitet i min natur, men viser ikke, at noget usædeligt har fundet sted». Retten frikjende Halvorsen, i hovudsak fordi den impliserte var over atten år, og fordi passusen i straffelova om at gjerninga skulle vere til «allmän förargelse», ikkje var broten. 

Halvorsen anka den første dommen til ein høgare rettsinstans, men Göta hovrätt avgjorde i slutten av mars 1913 at dommen skulle bli ståande. Dermed var pastor Halvorsen ein dømd mann som hadde fått kjenslelivet sitt bretta ut i avisene i heile Skandinavia. Kva han sjølv eller den «prægtige Hustru» Ragnhild tenkte om dette, veit vi ikkje, men det ser ut til at familien heldt saman. I adressebøkene står dei under Schwensens gate 22 i heile perioden 1911–1914, men så forsvinn dei ut av landet. Emil reiste saman med dottera Edel til New York via Bergen i juni 1914, og Ragnhild tok same ferda saman med sønene Reidar og Oddvar i november.  

emil_halvorsen_7.jpg

«Bergensfjord» frå 1913 var mellom dei første skipa som reiste direkte frå Noreg til USA utan anløp på kontinentet. Det brukte om lag åtte døgn på å frakte familien Halvorsen til New York i 1914. Far Emil fekk, så vidt vi veit, aldri sjå Noreg att. Foto: A.B. Wilse/ Norsk folkemuseum.
«Bergensfjord» frå 1913 var mellom dei første skipa som reiste direkte frå Noreg til USA utan anløp på kontinentet. Det brukte om lag åtte døgn på å frakte familien Halvorsen til New York i 1914. Far Emil fekk, så vidt vi veit, aldri sjå Noreg att. Foto: A.B. Wilse/ Norsk folkemuseum.

I norskspråklege aviser frå USA blir Halvorsen omtalt som «en gammel avismand fra østlandet» som skal korrespondere «til flere ledende norske blade». Men allereie i september er han i gang som talar for dei store samkomene, denne gongen som hovudtalar på Leif Erikson Fest som Det Norske Nationalforbund arrangerte i Brooklyn. Temaet var det velkjende «Kjærlighed, Forlovelse og Ægteskab», og i november var han i gang med offentlege føredrag med det same innhaldet. Samlivsstoffet stod altså framleis på menyen, men like ofte hadde annonsane hans overskrifter som «Gudsrigets politik», «Leiv Eriksons færd til Vinland» og «Religion og krig». I 1915 kom den siste boka hans, Guds riges hemmelighed. Korte taler af E.H. No var altså namnet på den store enterteinaren tilslørt. Frå 1917 var Halvorsen sjukeleg, og 3. juni 1918 døydde han av tuberkulose i Chicago. Familien budde da i Brooklyn i New York, og Ragnhild vart verande der til ho var i sekstiåra. Etter ei tid hos dottera Edel i Sverige, flytta ho til Oslo der ho døydde i april 1943. 

emil_halvorsen_3.png

I juni 1918 døydde Emil Halvorsen av tuberkolose i USA. (Faksimile av Kristelig Tidende nr. 30/1918.)
I juni 1918 døydde Emil Halvorsen av tuberkolose i USA. (Faksimile av Kristelig Tidende nr. 30/1918.)

Kjelder: 

Hammelbo, T. mfl. (red.) (1945). Oslo Første Metodistmenighet 1865–1945. Oslo Første Metodistmenighet. 

Hassing, A. (1991). Religion og makt: metodismen i norsk historie. Tapir. 

Ministerialbok nr. 1 (1861–1865) for Gamle Aker prestekontor (SAO/A-10617a/F/L0001): https://media.digitalarkivet.no/view/593/3950/46 og https://media.digitalarkivet.no/view/593/208   

Ministerialbok nr. 1 (1873–1881) for Gamle Aker prestekontor (SAO/A-10617a/F/L0005): https://media.digitalarkivet.no/view/5778/86  

Norsk Forlagsselskab (1909). Strømme af Naade. En Prædikensamling med Billeder og Biografier. Del 2. Norsk Forlagsselskabs Forlag.  

Skjørshammer, E. (1993). Immanuelkirken: 100 år på Bjølsen: en historikk. Norsk forlagsselskap. 

Thorkildsen, J. (1926). Den norske metodistkirkes historie. Norsk Forlagsselskab. 

Aviser og tidsskrift: 

Ei lang rekkje norske, danske, svenske og amerikanske aviser er granska, men særleg viktige for denne framstillinga er: 1ste Mai (22.1.1909), Bratsberg-Demokraten (23.1.1909), Breviksposten (21.1.1909, 26.1.1909), Folketidende (28.1.1909), Fredrikstads Dagblad (27.7.1907), Göteborgs Handels- och Sjöfartstidning (18.11.1912), Kristiansundsposten (26.1.1909, 30.1.1909), Langesundsposten (23.1.1909), Lindesnes (25.1.1909), Lister (25.1.1909), Nordisk Tidende (2.7.1914), Oplandenes Avis (17.8.1907), Signal (26.10.1912, nr. 43), Smålandsposten (18.11.1912), Smaalenenes Social-Demokrat (22.1.1909, 27.1.1909), Sogningen (27.1.1909), Stavanger Aftenblad (22.1.1909), Sölvesborgtidningen (26.11.1912, 3.12.1912), Vestfold. Sandefjords Dagblad (23.1.1909, 6.2.1909, 12.6.1909), Västerbottenskuriren (2.12.1911), Øieren (18.12.1912). 

Kristelig Tidende – ei rekkje nummer i perioden 1887–1960. 

Vikingen – fleire nummer frå 1909.