Ragr
Gruppa Ragr oppsto i Oslo i 1991/1992 med medlemmar med bakgrunn i Rosa Rebeller og Homofil og lesbisk studentgruppe på Universitetet i Oslo. Gruppa var ei homopolitisk aktivistgruppe som skulle synleggjere homofile gjennom humor og provokasjon, og jobbe mot vald og diskriminering. Viljen til å provosere var synleg i slagorda gruppa nytta: "RAGR- Snart på alles skamlepper," og "RAGR - farligere enn gamle menn med sukkertøy."
Ordet ragr henta frå gamalnorsk tydar "umannsleg," "kjerringaktig", og blei nytta om "kar som lar seg bruke som kjerring." Ordet spela altså på passiv seksuell rolle i sex mellom to menn, noko som blei oppfatta som kvinneleg og ærekrenkande for ein mann i norrøn kultur. Gruppa ville gjere samfunnet merksame på mangfaldet i ulike måtar å leve ut kjønn og seksualitet på, og slik skape eit opnare og tryggare samfunn for alle.