Inversjon og perversjon

Den tyske psykiateren Karl Friedrich Otto Westphal skapte begrepet "kontrær seksualfølelse". Litografi av G. Engelbach, ca. 1860.
Den tyske psykiateren Karl Friedrich Otto Westphal skapte begrepet "kontrær seksualfølelse". Litografi av G. Engelbach, ca. 1860.

Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960 (2010) er ein av dei første doktorgradsavhandlingane om norsk skeiv historie.

Avhandlinga er ein studie av korleis homofili vart forstått i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til kring 1960. Oppfatninga av ”homoseksualitet” som ein biologisk og psykologisk ”perversjon” som var ibuande hos enkelte menneske kan sporast tilbake til europeisk psykiatri på 1860- og 1870-talet, og vart introdusert i Noreg gjennom medisinske artiklar og lærebøker på 1890-talet. Denne forståinga av perversjon står i motsetning til tidlegare oppfatningar der forbodne seksuelle handlingar fall i kategorien sodomi eller ”omgængelse mod Naturen”, utan at dei vart knytt til eigenskapar ved individet.

Avhandlinga viser korleis ein ”psykiatrisk tenkestil” gav grunnlag for eit medisinsk blikk på homoseksualitet som noko som botna i eit avvikande ”seksualinstinkt” og som hadde sine særskilte årsaker, symptom og potensielle førebyggings- og behandlingsmetodar. Samstundes som dette blir sett som eit brot med tidlegare oppfatningar, er det viktig å merka seg at ulike oppfatningar var tilstades samtidig: Homoseksualitet vart ikkje berre forstått som noko medfødd, men også som noko som kunne utvikla seg gjennom barndom og oppvekst.

Vidare viser avhandlinga ei forskyving frå slutten av 1800-talet, då tiltrekkinga til personar av same kjønn vart sett som del av ei fullstendig omsnuing av det psykologiske kjønnet (ein inversjon), til at ein utover på 1900-talet i aukande grad kunne sjå denne tiltrekkinga uavhengig av dette.

Studien er konsentrert om psykiatriske tekstar i tidsskrift, lærebøker og fagbøker, men undersøker i tillegg strafferett, debattar om seksualmoral og Det norske Forbundet av 1948 sin argumentasjon (særleg på 1950-talet). I tillegg til å visa korleis ei spesifikk psykiatrisk tilnærming til homoseksualitet vart dominerande som ”ekspertspråk” frå slutten av 1800-talet til 1960/1970-talet, er studien eit bidrag til korleis forståinga av ”homofili” og ”heterofili” som kulturelle kategoriar har vakse fram i vår tid.

Avhandlinga er tilgjengeleg frå norske universitetsbibliotek. 

 

Runar Jordåen er historikar og førstebibliotekar ved Skeivt arkiv. Han har også utgitt blant anna Skeiv lokalhistorie og Ebbe Hertzberg: Brev til Poul Andræ 1892-1912.

 

Kilder:

Jordåen, Runar. 2010. Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960. Avhandling ph.d, Universitetet i Bergen.

 

Sammendraget er henta frå pressemelding for disputas 26.11.2010.