Borghild Krane

Borghild Krane
Borghild Krane, fotografert av Chr. Hansen

Borghild Krane (1906–1997) voks opp i Tromsø. Ho var lege, psykiater og bibliotekar, aktiv katolikk og forfattar av fleire bøker om Amalie Skram. Krane skreiv òg skjønnlitteratur, deriblant truleg den første romanen i norsk litteratur som opent skildrar lesbisk kjærleik: Følelsers forvirring i 1937, utgitt på Gyldendal. Tittelen har ho tatt frå Stefan Zweigs langnovelle Verwirrung der Gefühle som kom ti år tidlegare med same tema. Hos Borghild Krane er det Åse som uttaler:

Selv om man plutselig finner sig på et øde hav av ensomhet og forlatthet, så er det jo ikke verden som går under eller tilværelsen som taper sin mening, det er bare våre følelser som forvirres.

Følelsers forvirring er ein utviklingsroman. Hovudpersonen Åse veks opp i Tromsø, studerer i Oslo og Cambridge og jobbar seinare som lærar i Noreg. Ho blir fort klar over at ho er lesbisk og prøver å vegre seg mot det – noko som var umogleg: "Hun så bare kvinnene. [...] Bare kvinnene hadde liv." Eigentleg burde det heile vere såre enkelt: "Det var bare å si: jeg er slik." Men ho greidde det ikkje. Å vedgå noko slikt ville skape uløyselege problem, samtidig som ho heller ikkje kunne neglisjere desse kjenslene.

"Hvorfor ikke gå i bresjen for det ens indre skriker efter?" spør Åse. Er det fordi ein er svak og evnelaus eller fordi ein ikkje vil skape sosial forvirring? Når ein veit at ein står overfor ei fiendtleg overmakt, "skal man da erkjenne kulør og bli knust, eller skal man tie og leve?" Åse vel det siste, medan venninna Randi meir tør å vere seg sjølv – iallfall i utlandet. Randi vil respekterast for det ho er: "Tror noen at vi er som vi er, for vår fornøyelses skyld?" Ho kan heller ikkje ta omsyn til om sjølve "naturen" er imot det - "dette er da vår natur og vi vil ha lov til å leve den ut". Men eit samfunn må ha sine lover, hevdar Åse, medan Randi er ikkje einig:

Javel, men hvorfor skal vi bare nevnes i straffeloven? Hvorfor skal vi ikke ha krav på noen sosial beskyttelse? Hvorfor skal vi ikke kunne inngå ekteskap og lage hjem for hverandre?

Åse er meir konservativ og vil følgje samfunnets spelereglar. Ho vil ikkje lage meir kaos enn det alt er. "Kaos? Der blir kaos så lenge der mangler rettferdighet", parerer Randi, slår i bordet og kjem med nøkkelen til all kamp mot undertrykking og diskriminering: "Vi skulde organisere oss [...] Vi er mange nok til det."

Randi filosoferer òg over kva som skjer med oss når vi oppdagar at vår måte å elske på, kjem inn under det samfunnet rundt oss held for unatur og derfor forkasteleg. Forholdet til våre medmenneske blir bestemt etter mengda av sympati og forståing desse er i stand til å vise. Fylt av medynk og skuldkjensle tørstar homofile etter sympati: "Vi jager efter sympati. Den som gir mig sympati, er edel og god, den som nekter mig er sneversynt og hård. Hvor der stadig øses sympati ut over oss, der suger vi oss fast." Randi er ironisk, men med ein alvorleg undertone. Det beste trass alt var kanskje å leve i sølibat, "forsake, arbeide, og dø på en post". Kjenslene gjorde ho forvirra. Ho følte den homoseksuelle legninga si både som eit adelsmerke og eit stempel.

Handlinga i romanen sporer av mot slutten av boka når forfattaren introduserer ein mannleg tredjeperson, den russiske homofile(?) flyktningen Dmitri. Det oppstår ein heller anstrengt og mindre sannsynleg trekantkonstellasjonen. Det blir då heller ingen lykkeleg slutt, noko som knapt var mogleg på 1930-talet. Randi blir påkjørt og drept av ein bil, Dmitri reiser sin veg, og Åse står på nytt aleine att. Heretter skal ho unngå å komme nokon for nær, "undgå å bli overveldet av den kjente, beklemmende følelse av elendighet, uverdighet og skyld. Denne underlige, mystiske skyld – for det uforskyldte".

Kritikken av Følelsers forvirring var stort sett negativ, ikkje minst på grunn av temaet, men omtalen har seinare blitt meir etterpåklok. Andre synest synd i dei to halve kjønnsmenneska, dei defekte og unaturlege kvinnene. Hans Lyche i Norges Handels- og Sjøfartstidende var ein av dei få som begeistra omtalte boka og den tragiske kampen for livslykke.

Borghild Kranes roman frå 1937 er utan tvil eit homoseksuelt pionerarbeid, både som litteratur og ikkje minst som opplysning. Boka er både tragisk og patetisk, og saknar humoristiske innslag. Kjærleiken mellom kvinner synest eigentleg som ei uoppnåeleg lykke. Kjærleiken er umogleg å undertrykke, men samtidig umogleg å leve ut. Samfunnet aksepterer den ikkje. Det er den smertefulle sanninga. Men personane er fullt medvitne om kjenslene sine, same kor forvirra dei til tider kan kjenne seg.

Forfattaren presenterer jamvel ein original definisjon på homoseksuelle: "En rase som ikke forplanter sig og som allikevel ikke dør ut."

Bibliografi

Krane, Borghild. 1937. Følelsers forvirring. Oslo: Gyldendal.

Utnes, Astrid. 1993. Følelser i eksil. Lesbisk identitet i norsk mellomkrigslitteratur med analyse av Borghild Kranes roman Følelsers forvirring. Tromsø: Universitetet.

Waage, Lars. 2012. "Borghild Kranes Følelsers forvirring (1937) – en queer lesning av Norges første lesbiske roman". Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift 1:16-27.