Edith Øberg

Portrett, Edith Øberg. Fra Aschehoug's Norsk Kvinnelitteraturhistorie, bind 2.
Fra Norsk Kvinnelitteraturhistorie, bind 2. Oslo: Pax 1989. Foto: Aschehoug forlag.

Edith (Justine) Øberg (1895–1968) var fødd i Sverige av svenske foreldre, men familien flytta til Noreg, og ho voks opp på Rodeløkka i Kristiania. Som 20-åring debuterte ho som songarinne, men skrivinga tok snart overhand. Året etter, i 1916, kom den litterære debuten med brevromanen Pr. korrespondance som inneheld følgjande passasje: "Frk. Lindeman fortæller at da hun var liten hadde hun en veninde som hun elsket lidenskapelig. Men hun døde. Det har hun vistnok aldri rigtig overvundet. Du vet vel at hun er mandesky."

Det sentrale i Edith Øbergs mange romanar er forholdet mellom gode venninner, korleis det utviklar seg og problema som oppstår når det kjem inn andre kvinner eller menn og forstyrrer forholdet. Øberg er ein meister i å skildre lesbiske utan å gjere det direkte. Personane skjuler seg bak eit barnleg, impulsivt sinn og ein heftig "ungpikeromantikk". Forfattaren er ironisk og full av humor, men ikkje utan ein sarkastisk undertone på eige kjønns vegner.

Hovudpersonen i Romanen (1918), den 20-årige Botn Virik, har høge litterære ambisjonar, hatar menn og skal aldri gifte seg. Ho er intenst opptatt av å skape seg ei forfattarrolle, og å skrive romanar som forbausar verda. Om det er kvinneleg eller ikkje, gjev ho faen i: "Men jeg er ingen kvinde. Det er pointet at jeg ingen kvinde er! Jeg vil ikke være kvinde!!"

Intime venninneforhold er òg tema i Øbergs neste romanar, som i den kritikarroste Mann i mørke (1939), men det er først i Innvielse (1940) og Den hvite poppelen (1945) at ho meir eller mindre spring kunstnarisk fullt ut. I dei to bøkene skildrar Edith Øberg eit spennande og intrikat kjærleiks-/hatforhold mellom kirurgen Anne-Marie og den kunstinteresserte Tove.

I grunnen skulle ho ha vore gut, vedgår Anne-Marie. Ho lever som ein mann, har ei "mannfolkstue" heilt fri for pynt (som ho sjølv) og trivst best i kvinneleg selskap. Ho er sikker på at verken ho eller Tove blir gift. Det mandige ved Anne-Marie blir spesielt framheva der ho "ser på Tove nesten med samme uttrykket som når en mann elsker en kvinne". Anne-Marie kan stundom oppfattast som kjønnslaus. Om ei skodespelarinne heiter det såleis: "Lesbisk er hun ikke. Altså neutrum." Tove er meir varsamt skissert, men på slutten blir det klart at ho alltid har følt seg sterkt knytt til Anne-Marie. Dessutan gjev ho venninna ei diktsamling av Sapfo, "den lesbiske nattergalen". Oscar Wildes Dorian Gray-portrett dukkar i tillegg opp i ein draum.

Det var òg dei to siste romanane som fekk kritikarane til å hente fram superlativa over både språk, stil og struktur. Johan Borgen var dessutan opptatt av motsetningane mellom dei to venninnene som han oppfatta som "to sider av samme spaltede sinn". Seinare skreiv Ebba Haslund at "De to er uløselig knyttet til hverandre som de to sider av Øbergs egen natur."

Odd Eidem meinte at Edith Øberg hadde altfor få lesarar, men det var fordi ho var altfor intelligent og dermed for lite kvinneleg. Personane hennar var moderne kvinnesakskvinner med ei maskulin evne til å resonnere og filosofere. I tillegg var dei utstyrte med humørfylt mannsforakt. Aksel Sandemose kalla Øberg den største forfattarinna i Noreg etter Sigrid Undset. Alt ho gjorde var gjennomtenkt og gjennomskrive. Betre enn nokon annan norsk forfattar visste ho korleis ein lagnad skulle formast.

Edith Øberg gav òg ut fire popuære bøker under psevdonymet Lita – litt småfrekke underhaldningsromanar som ifølgje fleire avisomtalar ikkje eigna seg som gåve til konfirmanten. I 1938 gifta Øberg seg med forfattaren og kritikaren Hans Christian Lyche (1885-1958).

Referanser

Øberg, Edith. 1916. Pr. Korrespondanse. Kristiania: Aschehoug.

Øberg, Edith. 1918. Romanen. Kristiania: Aschehoug.

Øberg, Edith. 1939. Mann i mørke. Oslo: Aschehoug. Ny utg. 1991 med etterord av Janneken Øverland.

Øberg, Edith. 1940. Innvielse. Oslo: Aschehoug.

Øberg, Edith. 1945. Den hvite poppelen. Oslo: Aschehoug.

Det er skrive sju hovudoppgåver om Edith Øbergs forfattarskap, disse og en komplett bibliografi finnes i Norsk Biografisk leksikon.